Sidemeny+

Hare (Lepus)

Posted on 8. nov 2006 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Hare

Haren skifter farge etter årstidene. Vinterstida blir du mest klar over at det ferdast fleire harar i området enn du tenkjer over. Både harespor i snøen og dei karakteristiske hare – ekskrementa er tydelege spor. Mange harar endar ofte som mat i kongeørnreira.

Storleik og utsjånad
Hos dei fleste pattedyrartene er hannen større enn hoa, men hos haren er det omvendt. Ein fullvaksen hare veg 2,5-3,5 kg. Totallengda er 52-60 cm, halen er 5-7 cm. I Norge har det vore skote hare på om lag 4,5 kg. Beina til haren er lange, og når han sit, er dei vinklete. Frambeina og halen er korte. Øyra er lange med svarte spissar. Munnen er kløyvd, haremunn. Auga er store og mørke med synsretning ut til sidene. Pelsskiftet startar om våren i mars-april, Fyrst langs ryggen og på hovudet, dernest på sidene og bak på ryggen og til slutt på føtene. Om hausten i august-september skifter han hår att. Skiftet tek då til på føtene og fremst på snuten, deretter på sidene over ryggen.
Sommarpelsen verkar gråbrun. Dekkhåra er gulbrune med svarte spissar, og botnulla er lysgrå. Over ryggen er pelsen noko mørkare enn dei gråvorne sidene. Buken er kvit. Øyra er gråbrune med kvit ytterkant og svart spiss. Vinterpelsen er kvit, så nær som på øyrespissane. Dekkhåra er lange og kvite. Botnulla er kortare, tett og kvit. Føtene er

Sansar og lydar
Haren ser dårleg om dagen, noko betre i tussmørke. Augo hans er slik plasserte at han ser dårleg beint framover. Høyrsla er særs god, men observasjonar kan tyde på at han ikkje har så lett for å avgjere kva rettning lyden kjem frå. Luktesansen er og særs god. Haren kan ta teven frå spora, han hoppar med nasen mot bakken eller sit på to med nasen mot veret. Verhåra er velutvikla. Til vanleg er haren stille, men når han blir oppskremd, kan han stundom gi frå seg ein kvesande lyd. Dersom han er i livsfare, er skadeskoten eller gripen av rovdyr, kan han skrike langdrege og rallande.

CC BY-NC 4.0 Hare (Lepus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Elise Øygard 9c 2006
Kommune: Sandane