Sidemeny+

Om GeoAtlas

På GeoAtlas kan ein finne tverrfaglege tekstar laga av studentar og skuleelevar. Tekstane kombinerar geografi, biologi, forming, fysisk fostring, norsk, engelsk og andre språkfag. I GeoAtlas vert faga knytt saman med hjelp av kart, artiklar, bilete, lydklipp og filmar – som elevane har laga sjølve.

Hovudinngangen til tenesta er eit dynamisk kart. Der vel du det grunnkartet du ønskjer å orientera deg etter. Ved å kryssa av for dei ulike temalaga kan du få fram ulike typar informasjon på kartet. Her ligg artiklar, lyd og bilete om arbeidsliv, bygningar, anlegg, arkitektur, ferdsle, vegar, stiar, kultur, tradisjonar, naturarv, personar og øvingsoppgåver med framlegg til aktivitetar i nærmiljøet. Du kan velja kva fylke og kommune du vil ha fram informasjon i frå. Dessutan kan du søke på ord i teksten. Resultatet av søket viser seg med ulike informasjonssymbol i kartet, men du får også resultatet lista opp som tekstlenkjer. Du kan henta fram informasjonen frå denne lista eller ved at du klikkar på symbola som er vist på kartet.

Bakgrunn
Målet då GeoAtlas vart oppretta var å løfta fram natur- og kulturkvalitetar i lokalsamfunnet. Tenesta vart etablert i 2003 gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Asplan Viak Internet as (Avinet), Leikanger og lokale krefter i Balestrand som Balestrand Sogelag, Sognefjord Reiseliv, Sagatun Skule, Balestrand Idrettslag og Balestrand kommune. Tenesta har hadde namnet Fjellatlas fram til 2006 då me endra namnet til GeoAtlas.

Etter 2012 har det ikkje vore satsa målretta på artikkelskriving, men tenesta har vore tilgjengeleg. I 2018 vart sida lukka for brukarredigering, og den fungerer no som eit oppslagsverk og ei kjelde til lokal kunnskap innanfor ulike fagområde.

Om kart og kartdata i GeoAtlas
Karta i GeoAtlas stammar frå Statens Kartverk sine N2000, N1000, N500 og N250 seriar og er leverte av Norsk Eiendomsinformasjon.

Bruke GeoAtlas data i andre kartløysingar
Dersom du ynskjer å nytte tematiske data frå GeoAtlas i andre kartløysingar, t.d. kommunen si heimeside, er det mogleg å få tilgong til desse ved hjelp av dei opne standardane WMS og WFS. Informasjon om korleis du set opp ei WMS/WFS-kopling mot GeoAtlas vil kome her etterkvart. Inntil vidare må du ta kontakt med Avinet for å få denne informasjonen, sjå kontaktsida.