Dvergsnipa er den minste av snipene våre, som hekkar på tundraen og på arktiske kystheier. Trekkruta sørover ligg slik til at vi kan få sjå fuglen på Vestlandet om ein er heldig. Onsdag 20. august 2014 vart denne fuglen, som er på storleik med ein gråspurv, observert på Tippamyrane på Haugen i Eid kommune. Fuglen held seg ilag med ei større snipe, Grønnstilk, som og er sjeldan i området.
Om ein vil sjå fuglar som ikkje hekkar her i området, kan ein haust og vår vere på utkik etter desse når dei er på trekk. September og oktober er gunstig tid for sjeldne observasjonar. Nokre trekkjer i flokk, andre berre ein og ein. I slutten av oktober 2012 var eg i ferd med å ta bilde av ein gjerdesmett ved Moengården på Nordfjordeid. Eg knipsa og nokre bilde av ein annan fugl, som viste seg å vere ein svartraustjert.
Elevbedrifta «Natur, Kultur og Media» har hatt stor framgang dei siste åra. Ein del av æra gir vi gladeleg vekk til Signe Hauge, ein trufast samarbeidspartnar, som tipsar oss om det er noko som skjer i fuglesamanheng. Ho er ein pensjonert lærar som vi inviterte tilbake i klasserommet. Derfor vil vi i elevbedrifta bli betre kjend med ein av våre fugleekspertar.
Går vi 10-15 år tilbake i tid, var det mange makrellterner som hekka i Gloppen. No er dei borte. Kanskje kan dvergterna dukke opp ein dag?
Dvergterna er ein trekkfugl i ternefamilien. Det latinske namnet er Sternula albifrons. Den held til ved sjøen, på fredelege strender og aude skjer. Dvergterne lever for det meste av fisk og insekt. Den fangar fisken ved å stupe etter den.
Hekkspurven er eit medlem av spurvefamilien. Den byggjer reir i hekkar eller kratt. Egga vert lagt i mai månad. Ungane vert klekt ut etter omlag to veker. Fugleforeldrene forar ungane med insekt, i all hovudsak grashopper. Dei vaksne individa et for det meste frø, men kan og ete insekt om nødvendig. Den held til på grasrike sletter, for her er det lett å finne frø og insekt til ungane.
SOMMARFUGLEN SOM BLEI TV-STJERNE I FRANKRIKE
Visste du at den sjeldne og freda klippeblåvingen gjorde at miljøverndepartemange sa nei til eit stort byggeprosjekt i Tvedestrand i fjor. ? Og at eit fransk tv-selskap syntes dette var så interessant at dei tok turen til Noreg? laga eit tv-program som nådde ut til fleire millionar franskmenn og tyskarar. ?
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ved Thorleif Jakobsen, med god hjelp av lærar Svein Hjelmeset på Gloppen Ungdomsskule, stelte til flaggermusnatt på Sandane fredag 28. august 2009. Oppmøte var kl. 20.00 på naturfagrommet på ungdomsskulen, og det var totalt 22 personar til stades. Av desse var 9 born i ulike aldrar.
Som de ser av bilda, er horngjel ein lang slank fisk. Denne fisken kom rektor Olav Søreide med ein gong våren 2009. Elevane i 8A studerte fisken, dissekerte han og tok bilde. Sjølv om vi gløymde å måle lengda på fisken, kunne vi med hjelp av matematikk og målestokk, finne ut at denne horngjelen målte 84 cm.
Det er stadig nye fuglearter å sjå i Bukta og i Selvågane no i haust. Fredag 7. november vart det observert ei ringgås utanfor Campingplassen i Bukta. Kanskje er dette fyrste observasjonen av denne fuglen, så langt inne i fjordane.Dette er nok ein fugl som er på trekk sørover, og som tykkjer Fuglefredingsområdet er ein grei plass å raste på
Ikkje berre grå flugesnappar og raudvingetrast er kjende for å velge rare plassar å legge reiret sitt på. Linerla kan konkurrere med dei; også i Gloppen. Ein dyktig fuglekjennar tipsa meg om denne linerla.
Grå flugesnappar er kjend for å legge reiret sitt på dei merkelegaste stadar. Inne i Jølet ved Nordfjord Folkemuseum har han halde til i mange år, men i år ville han kanskje vise for alle at han var der. Kanskje håpte han og på at traktoren med reiret på, vart køyrt vekk etter kvart som musikken frå Glopperock tiltok i styrke?