Elevar om GeoAtlas
Mi erfaring er at når me jobbar med Geoatlas er elevane lette å engasjera og både aktive og interesserte. Gjennom Geoatlas får me variert undervisning gjennom td ekskursjonar og intervju, og på denne måten knyter me og tettare band med lokalsamfunnet. Mange fag kan koplast inn, td naturfag, samfunnsfag, norsk osv. At artiklane blir publiserte og ser så profesjonelle ut er også ein motivasjonsfaktor og gjer at elevane blir stolte av det dei lagar. Skulle eg nemna noko negativt må det vera at ting tek tid, og meir tid enn ein trur går til retting, omforming av tekst og sjekking av opplysningar. Men også dette er god læring for elevane.
Mia, lærar
Det er gøy å laga artiklar og så legga dei ut slik at alle kan sjå det me har skrive. Og eg håpar dei som les lærar noko av det dei les. Eg synest det var kjempekjekt å jobba med Geoatlas.
Anna 5.kl.
Det er moro og jobbe med Geoatlas. Ein lærer masse om ting ein skriv om. Men det beste er nok at me slepp vanlege norskoppgåver! Dritkjekt!!!!!!!!!!!!!
Brede 6. kl.
Det er gøy og legga artiklar ut på Geoatlas. Då kan mange sjå kva me har skrive. Og det er gøy å skriva artikkelen. Det er og interessant for dei som er inne på GeoAtlas og les det!!
Cecilie 5.kl.
Moro med Geoatlas! Det var morosamt å arbeide med geoatlas. Me fekk arbeide med norsk, samfunnsfag og i tillegg til dette fekk me snakke med folk og lære ting om nærmiljøet.
Dagmar 6.kl.
Eg synst det er veldig kjekt og lærerikt å jobbe med Geoatlas fordi me lærar masse om ting ikkje så mange veit noko om. Og så gjer me meir enn berre å sitje på stolen og skrive. Me har besøkt plassar og personar som fortel oss om det me skal skrive om. Det er og kjekt å vite at andre kan ha glede av det me skriv og lærer noko nytt. Så får me øvd masse på rettskriving, skriving på data og å forme tekstar og setningar. Eg synst det er berre kjekt å jobbe med Geoatlas, unntatt rettinga som kan vere litt kjedeleg
Eira 7 kl.
Det er kjekt og lærerikt. Det er lett og finne fram til Geoatlas, og me har vist sidene heime. Det er greit å lesa. Me tykkjer det er bra at folk legg inn tekstar, slik at me får vita meir om det som skjer andre plassar. Det er kjekt å legga inn tekstar, slik at andre folk kan lesa om det som skjer i Fresvik. Me er ute og tek bilete og skriv tekstar som me legg inn på Geoatlas. Det kjekkare å skriva tekstar som skal leggast inn på Geoatlas, enn å berre ha vanlege timar!
Inga Helen og Marlen 6 kl.
Eg synes det var kjekt å jobbe med Geoatlas for me fekk jobbe med andre ting enn vanlege fag. Me fekk og jobbe med data, det synes eg var kjekt.
Solrun 6.kl.