Sidemeny+

Vassenden skule: Frå skulestove til sommarbustad

Posted on 10. feb 2004 by in Skular og barnehagar

Foto: Kristine Høydalcbn

Her er Vassenden skulehus.

I Hyllestad kommune på Vassenden står det eit koseleg, lite feriehus attmed hovudvegen. Det ein del ikkje veit, er at det ein gong var ein trivleg skule der både elevar og lærarar likte seg.

Plassering i kart

Tida utan skulebuss

Frå ca.1910 – 1959 var det ikkje skulebuss slik som no. Elevane måtte komme seg til skulen på anna vis.
I eit intervju med Aslaug Bøyum fortalde ho at dei måtte gå til skulen.
I alt slags ver gjekk dei fleire kilometer til og frå skulen.
Ho fortalde at om vinteren når Ramsgrøvatnet var islagt, rende dei med spark over vatnet til Vassenden.

Kvifor akkurat Vassenden ?

I 1910 vart Vassenden skule bygd av heimane og andre som hadde noko med skulen å gjere.
Før skulen vart bygd, reiste ein lærar kring på gardane og underviste.
I 1910 bestemte dei seg for å samle elevane på ein plass. Det var då dei bestemte seg for Vassenden.
Dei i Sundbotnen var imot at skulen skulle vere på Vassenden fordi det var langt til skulen for elevane som budde inst i botnen, men skulen vart likevel lagt på Vassenden.

Ein vanleg skuledag på Vassenden

Skulen i dag og på den tida er ikkje så ulik som vi trur. Einaste forskjellen er at på Vassenden skule var det ca.13 elevar,flest jenter, og berre ein lærar.
Dei hadde ein del fag som til dømes norsk, matte, skriving og naturfag.
Skuletida var frå klokka ni til tre om ettermiddagen, men småskulen slutta ein time tidlegare.
Skuleveka hadde berre tre dagar.
Dei gjekk måndag, onsdag og fredag.
Etter kvar time hadde dei eit kvarter til friminutt, altså frikvarter, og då hoppa dei paradis og spelte kanonball.

Aktivitetar på skulen

Ein gong i året hadde Vassenden skule skidag.
Då reiste dei inst i Sundbotnen og gjekk på ski og hoppa på ski.
Det var og syskule for jentene og sløyd for gutane.
Om våren hadde dei plantedag der dei fekk i oppdrag av bøndene å plante gran.
Elevane fekk betalt for arbeidet dei gjorde.

For få elevar

Skulen vart bygd i 1910 og vart nedlagd i 1959.
Grunnen var at det var for få elevar til å drive skulen.
Elevane vart då flytta til Øen skule, og no er Vassenden skule brukt som sommarbustad.

CC BY-NC 4.0 Vassenden skule: Frå skulestove til sommarbustad av kristine_hoydal er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristine Høydal 2004
Kjelder: Munnleg informasjon frå Aslaug Bøyum Fylkesarkivet
Kommune: Vassenden