



Due-eggja, den særmerke fjell ryggen på grensa mellom Sunnmøre og nordfjord, er ikkje berre som ein merkjestein mellom to fylke, i alle fall ikkje i medvitet til dei som bur i nærleiken. Dua, som er namnet i daglegtalen, har også vore valplass for mindre fredlege oppgjer mellom sunnmøringar og nordfjordingar…



















Nær toppen av Raudmelen, mellom eggi mot Ese og øvst i Blåhellegjelet er det eit søkk i lendet eller ein liten dal. Dette vert kalla Kambaholene. I eldre tid hadde dei det merke at når siste snøfonna her var på storleik med ei ku, då tok det til å verta beite (verta bue) i Langedalen, og dei kunne ta til å tenkja på å buføra dit.






















Til vanleg berre kalla Klukkshaug. Her det bok som turgåarar kan skriva seg inn i. Dronning Wilhelmine av Nederland var mykje i Balestrand før første verdskrigen. Ho likte godt å gå tur til Klukkshaug. Flaten på Klukkshaug vart av bygdefolk kalla dronning Wilhelmina sin leikeplass.
