På Eitorn skule gjekk borna frå Eitorngrenda og Hella på skule. Det gamle skulehuset vart sett opp ca 1880 og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.
I september 2009, sto ein ny bygning ferdig mellom Sunnfjord folkehøgskule og Solvang barnehage.(Dette bygget erstatta garasjar, som elevane hadde syklane i og barnehagen hadde lager plass. I tillegg har det gitt elevane på folkehøgskulen og barna i barnehagen eit uterom for aktivitetar.
I Olderdalen barnehage er vi glad i å vere ute i all slags ver. Vi har eit stort uteområde som utfordrar til leik. For nokre år sidan begynte vi å male huskestativ, gjerde ved skliene og ei dukkehytte i ulike fargar for å skape meir liv i uteplassen. Deriblant mala vi og borga vår i same farge som barnehagen, raud og gul.
Det for lengst nedlagde skulehuset i Sætevika har si spesielle soge. Fram til 1925 var det skulehus i Byrkjeland krins der både Ole Bendiksen Løland og Brita Skeide let borna få del i «nødtørftig kunnskab». Men då den nye Åfjorden skulekrins etter mykje strid og intriger fekk sitt prektige og tilhøvelege skulehus i 1925, vart det i januar det året fatta slikt vedtak:
«Når heradet har betalt ut Birkeland skolehus,som står ledig etter at krinsskipnaden er sett i verk, vil skolestyret råde til at dette huset snarest vert flytta til ein krins som ikkje har skolehus t.d. Kolgrov-Sognnes eller Storaker Krinsar eller um heradet kan finne det best å selge huset.»
Fresvik skulekorps vart starta i januar 1969. Nokre av dei som var med å starta korpset var Sigurd Høgheim, Sigrun Vangsnes og Bjarne Bjørkevoll. Dei fann ut at det var på tide med eit eige korps i Fresvik. Tidlegare var ei lita tromme einaste instrument i 17. mai toget. Den gjekk Ester Flæte og spela på. Ho slo takten medan resten av toget song.
Fresvik skulekorps vart starta i januar 1969. Nokre av dei som var med å starta korpset var Sigurd Høgheim, Sigrun Vangsnes og Bjarne Bjørkevoll. Dei fann ut at det var på tide med eit eige korps i Fresvik. Tidlegare var ei lita tromme einaste instrument i 17. mai toget. Den gjekk Ester Flæte og spela på. Ho slo takten medan resten av toget song.
Grindbygget som vart reist på Kvernhushaugen ved skulen vår er populært. For mange elevar er det ein plass der dei kan samlast og prate og leike, eller ein frisk og fin utestad når det regnar og blæs og det er litt tungvint å tre på seg oljehyre. Kvar onsdag litt før elleve er rektor Atle ein tur oppom grindebygget, og snart kjenner ein røyklukt av god og tørr bjørkeved. Kven er det han fyrer for ?