Sidemeny+
Read more

"Mitt Førde Framover" er eit glimt inn i eit prosjekt som handlar om å styrke og utvikle lokalsamfunn – i dette tilfellet Førde. Kortfilmen handlar om å finne skattar i eige lokalsamfunn og søke å styrke identitet og profil gjennom å engasjere innbyggarar frå ulike yrke og miljø.

Read more
Read more

Det var ein spent gjeng frå Tangen skule som tysdag 16.09 hadde teke turen opp på Sletterust i Årdalsfjella for å starte på lokalhistorieprosjektet vårt. Med oss i tilhengar hadde me syklar som skulle frakte oss dei 11kilometrane ut langs anleggsvegen frå 1920, ein veg som vart nytta i samband med tunellarbeida inne i fjellet.

Read more
Read more

I skogen på Løkja i Eid kommune ligg det ein stor stein. Til denne steinen er det knytt ei segn. Denne fortel om kvinna Sefru som fekk eit tungt liv, men vart trøysta av fristaden sin Sefrusteinen.

Read more
Read more

I 1965 vart Eid, Sogndal og Førde utpeika som vekstsenter. For Førde sin del gav vekstsentervedtaket ei rekke etableringar av både industri og offentlege arbeidsplassar. I starten var veksten i Førde langt på veg ein politisk styrt vekst, men den leia fram til at Førde vart eit naturleg sentrum i fylket og ein tettstad som vaks av eiga tyngde.

Read more
Read more

Kan hende var det slik det gjekk føre seg for fleire tusen år sida i Vingen? Feltet er eit av dei største med veidekunst i Skandinavia med over 2000 figurar. Vi veit ikkje kven som rissa inn i berg og steinar, om det var vaksne eller born, men det dei gjorde den gongen, kan vi ennå sjå den dag i dag.  Treng du undervisningstips om helleristingar eller steinalderen, kan du finne mykje interessant i denne artikkelen.

Read more
Read more

Dei som har vore i Florø veit at Strandgata er ei trivleg gate med mange gamle hus. Dei seinare åra har restaurering og opprusting gjort at gata har fått eit løft. Breide fortau og brustein er med på å skape eit hyggeleg miljø. < ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />

Read more
Read more

Det er over 200 år sidan den industrielle revolusjonen tok til i England. Den førte til omfattande endringar i jordbruk, samferdsle og industri. Det medførte eit arbeidsliv og samfunn i sterk endring. I Noreg har me særleg vore vitne til det dei siste hundre åra. Bli med og fortel om endringar i arbeidslivet i ditt nærmiljø.

Read more
Read more

Lauving

10. mar 2008 by

Lauving er eit tema frå bygda og omhandlar samhandlinga mellom menneske og natur. Biletet til høgre viser kommunevåpenet til Vik som inneheld tre lauvknivar. Lauvkniven eller snidelen er ein reidskap til å henta lauv som for til husdyra. Det vil vera naturleg at bygdeskular i område med rike lauvingstradisjonar tek opp dette i undervisninga. Alle bileta forutan kommunevåpenet til Vik, er frå Leikanger.

Read more