Sidemeny+
Read more

Eitorn skule

18. mai 2016 by

På Eitorn skule gjekk borna frå Eitorngrenda og Hella på skule. Det gamle skulehuset vart sett opp ca 1880 og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.

Read more
Read more

Losjen er ein del av IOGT som står for International Organisation of Good Temlars (Godtemplarordenen). På Dalsøyra var det to losjar. Barnelosjen heitte Bløming og den vaksne losjen Me Vil. Møta vart haldne i klasseromma på gamleskulen. Barnelosjen hadde møte på søndagar ein gong i månaden.

Read more
Read more

Fram til om lag 1900 var skikken på Voss at både kvinner og menn reid i brureferd både til og frå kyrkje.
"Det skrider framom eit brudlaupsfylgje
med koneskaut og med gylte sylgje,
og blanke hestar med folk i salen.
Eit vakkert opptog i bygdedalen."
Slik er fyrste verset av diktet "Ridande vossabrudlaup" av Arnfinn Gjeråker.
 

Read more
Read more

I gamle medlemsblad frå lag og organisasjonar kan du finne mange gode soger som i utgangspunktet verkar nokså truverdige. Sanne kan dei også vere, medan somme av dei har mykje av vandrehistoria i seg. Her kjem ein historie frå Bøfjordingen, nr. 2 – 1997.

Read more
Read more

Borgny Hatlem voks opp på garden Straumsneset i Lifjorden. Denne garden Ligg ved austre Listraumen og dei måtte i båt for å koma seg over til Risnes med butikk, post og dampskipskai. I samband med fredsjubileet i 1995 vart ho intervjua av barnebarnet sitt, Stian Hatlem, om opplevingane sine under andre verdskrigen

Read more
Read more

Mary Rye, f. Bjørnestad, vart født i Lexington i USA 31.12.1898. Ho kom til Noreg saman med foreldra og storebroen då ho var 9 månader gammal. Dei flytte tilbake til Skifjorden der faren hennar kom frå. Seinare fekk ho to brør til.
Fordi faren vart sjuk, busette familen seg på Bjørnestad i Noreg. Dei hadde seinare tenkt å flytte tilbake til Amerika, men dette vart det aldri noko av.

Read more