Sidemeny+
Read more

Det flyt ikkje over av fagstoff om hoggeteknikk og reiskapsbruk i kvernsteinsberget.
Få er dei som har forska på dette temaet, og lite av reiskapane er tekne vare på. Slett ikkje så rart når ein meiner at produksjonen på Myklebust til dømes vart påbegynt kanskje så tidleg som på slutten av 900-talet og vart avslutta på 1300-1400-talet.

Read more
Read more

Alle snakka om dei, men ingen gjorde så mykje med det før seinvinteren i 1998. Då fekk ein 9. klasse ved Hyllestad skule lov til å leite og grave litt i haugane aust for prestegarden på Myklebust, og då dukka dei opp – kvernsteinane. Under eit tynt lag av jord og mose låg dei der, heile og halve, lause og faste, store og små, og fortalde historie som både lekmann og lærd tykte var spanande.

Read more
Read more

Her får du litt informasjon om Kvernsteinsparken på Hyllestad. Ein rusletur der kan gje deg mangt å tenkje på samstundes som du får med ei sjeldan naturoppleving der førtidsminne er å finne under kvar mosedott og grastust, og i vest kan auga skode landemerke som Lifjellet og Alden.

Read more