Sidemeny+
Read more

Svelgen Idrettshus var gjenstand for lange og mange diskusjonar på mangt eit kommunestyremøte opp gjennom tidene. I 1992 vart det endeleg gjeve grønt lys for at STIF og bygda skulle få dette etterlengta bygget. I desember 1993 var det så stor innflyttingsfest der alle i bygda var innviterte. Går ein rundt huset, vil ein oppedage at her finn ein mange geometriske figurar både på og rundt bygget. Dette er noko vi har nytta oss av, og elevane synest det er kjekt og utfordrande og ha desse øktene Les meir om STIF her:

Read more
Read more

Fresvik har i dag eit flott idrettsanlegg som i dag består av ein stor grasbane med laupebane med grusdekke og eit stort og flott klubbhus. Idrettslaget har og to hytter, ein av dei med uthus. Dei har også lysløype i Fresvik. Idrettsplassen har gjennom alle år vore ein samlingsplass for unge og gamle. Det har og vorte arrangert mange store stemne på nettopp idrettsanlegget. Men idrettsanlegget har ikkje alltid vore som i dag. Den har blant anna blitt teken av flaum og totalt øydelagt to gongar på den 86 år gamle historia til idrettslaget.

Read more