






Mange fjelltrimmarar vert ofte gåande på dei same toppane; dei har liksom funne sine stiar og strekkjer. Greit nok det; dei fleste av oss likar å ferdast i naturen, og naturen er der du er, men vågar du trø på litt ukjende stiar, vil du oppdage at sanneleg finst det fine stader utanom dine favorittoppar også. Templane på Lavikdalen er ein slik stad.


Også til Hesjetinden fører mange stiar. Utgangspunktete kan vere Hyllestad eller Sæsol, Sætre eller Berge eller Systaddalen. Vår tur startar i Mørketjønnbotnen på Øverås. Det er ein tur utan dei brattaste kneikane, men opplevingsrik likevel der stien buktar seg fram i småkupert og helst ope terreng.



I Norge er vi kjend for våre bratte fjell og djupe dalar. Men å ferdast i fjellet er ikkje alltid ein spøk. No kjem snart påsketida og mange vil ut i skiløypa. Dersom ein skal vere trygg i fjellet er det viktig å ha respekt for naturen, og ikkje minst kunne dei ni fjellvettreglane.






Når fjellvegen tek slutt, kan vi stige ut og kjenne den kalde og klare fjellufta slå mot oss. Eit stykke lenger oppe i dalen kan vi skimte ei hyttegrend som står der og ynskjer oss velkomne. Vi tar beina fatt, og følgjer turleiar, Signe B. Gjesdal. – Turen tek berre ein halv time, seier ho ivrig og legg avgarde.





















