Sidemeny+
Read more

Det var ein spent gjeng frå Tangen skule som tysdag 16.09 hadde teke turen opp på Sletterust i Årdalsfjella for å starte på lokalhistorieprosjektet vårt. Med oss i tilhengar hadde me syklar som skulle frakte oss dei 11kilometrane ut langs anleggsvegen frå 1920, ein veg som vart nytta i samband med tunellarbeida inne i fjellet.

Read more
Read more

Svært mange stader i Bygde-Noreg har fått sin eigen song. Tekstane kan vere skapte av personar med ekte kjærleik til heimstaden sin, eller dei har sett dagens lys etter konkurransar i Nitimen eller etter andre meir eller mindre utspekulerte påfunn. Både tekst og tone er gjerne merka av tida og situasjonen songen vart til i.

Read more
Read more

16. juni 1936 rende transport – og passasjerflyet » Havørn » i sørenden av Lifjellet ved Risnes. Det var tidleg på morgonen, og ei mørk og tett morgonskodde velta over fjellet. Det var 7 personar om bord i flyet; alle omkom.
Dette var den største flyulykka her i landet fram til då!

Read more
Read more

Vetlefjorden er ein lang og smal dal. I fjellet bak ligg breen som heile året sender smeltevatn nedover dalen. Til vanleg går dette pent og pynteleg føre seg. Men breen har fleire gonger fare stygt fram i Vetlefjorden, og påført folket tunge økonomiske tap

Read more
Read more

Ei gamal segn fortel at det skal ha skjedd drap som følgje av usemje om rett til vatn frå Fagravatnet. Nedom Fagravatnet deler elva seg og renn vidare både til Skåsheimelva og Flesjeelva. Det er lett å regulera slik at det renn meir til den eine eller den andre. Her heiter det Vasskiljet. Torsdag 11. november 1847 kom gardbrukarane i Stokkebø, Tuftedal, Flesje, Bruhjell, Skåsheim og Sande same hjå oberstløytnant Meidell i Flesje for å kom afram til ein avtale. Strid og usemje skulle no avløysast av ordna former. I nyare tid har trongen for kvernvatn minka, men trongen for drikkevatn ført til nye diskusjonar om vatnet frå Fagravatnet.

Read more