Frå Sjurhaugfossen og nokre kilometer nedover dalen går Lærdalselva gjennom fleire stryk der stupbratte fjellsider går rett i vatnet. Berre kunstige bruer og rekkverk av solide jernkonstruksjonar gjer det mogeleg å ta seg fram langs elva. Her kan ein drive spennande sportsfiske på høgt nivå. Mang ein storlaks er landa i dette området.
Breimsvatnet vart greve ut under siste istid. Terrenget vestover mot Sandane var kraftig nedtrykt av isen, slik at Gloppefjorden gjekk heilt inn fil Førs. Du kan sjå den marine grense rundt idrettsbana på Reed som det finaste amfi. Det er vel mindre kjent at det også var eit vatn etter istida som låg på flatene bak skulen på Reed.
Langesjøen ligg mest i Fjaler kommune, men litt ligg innafor Hyllestad sine grenser. For å kome seg inn til vatnet, kan du kjøre inn Drøsdalen, parkere der og følge traktorvegen vidare. På sørsida er det ei strand der du kan fiske, bade, grille, osv… Det er mykje historisk som som du kan lese om og studere rundt Langesjøen.
Veslevatnet, som det oftast blir kalla, ligg ca 125 moh. Det ligg idyllisk til og turen opp tek berre om lag 10-15 min med bil frå Sandane. Om sommaren er det ofte folk opp til vatnet. Det er eit rikt fugleliv og bra utval av plantar. Om hausten og tidleg vinter legg det seg ofte fin stålis på vatnet. Under isen samlar det seg gassbobler metangass- frå den anaerobe rotningsprosessen på botnen.
Bomveg frå vatnet og vidare oppover.