Sidemeny+
Read more

Hjetland barnehage i Høyanger deltok i haust på FORUT sin landsdekkande barneaksjon: "Omis får nye venner". I det daglege arbeidet med barna snakkar vi om å vere gode med kvarandre. I tillegg oppfordrar vi dei til å hjelpe kvarandre. Vi ønskjer å lære barna å bry seg om andre og vere med å hjelpe andre som har det vanskeleg. Omsorg og empati er viktige verdiar i eit samfunn. Høyanger er som mange andre tettstader blitt eit samfunn med eit stort kulturelt mangfald. Tidlegare har vi sett at folk i Høyanger kommune har lang gjevartradisjon i ulike innsamlingsaksjonar. Dette såg vi igjen i barnehagen når vi var med på Forut sin barneaksjon.
 

Read more
Read more

I høve Oddvar Torsheim sin 70-årsdag 2. november 2008, var det ei storstilt markering av den lokale kunstnaren i Naustdal "På sporet av Oddvar Torsheim". Mellom anna var det ei stor kunstutstilling i Naustdalshallen der alle barnehagane og skulane i bygda bidrog. I Lunden barnehage hadde vi ei målsetjing om at barna i samband med markeringa skulle bli betre kjent med kunstnaren, som delar av sin barndom budde i Naustdal. Alle dei aldersdelte gruppene løyste oppgåva ulikt, og eg vil i denne artikkelen fortelje kort om korleis 4-årsgruppa løyste oppgåva. 

Read more