


Våren 1865 vart det funne over 90 utanlandske myntar i Hyllestad, storparten på garden Gjerde. Det var ikkje uvanleg med bytehandel i vikingtida, men truleg vart også reie pengar og edelt metall nytta. Myntfunnet på garden Gjerde kan vere døme på det, og er knytt opp mot kvernsteinhandelen. Det skal vere det største myntfunnet frå vikingtida mellom Rogaland og Møre.

Kom dei første menneska til Noreg i ein båt laga av skinn og stokkar? I fylgje historeforskinga gjorde dei nett det. I denne artikkelen kan du lesa om korleis dei første menneska tilpassa seg dei enorme klimaendringa i Skandinavia etter den siste istida. Du vil også finna lenkjer til nettstader med gode animasjonar om livet i steinalderen.

Kan hende var det slik det gjekk føre seg for fleire tusen år sida i Vingen? Feltet er eit av dei største med veidekunst i Skandinavia med over 2000 figurar. Vi veit ikkje kven som rissa inn i berg og steinar, om det var vaksne eller born, men det dei gjorde den gongen, kan vi ennå sjå den dag i dag. Treng du undervisningstips om helleristingar eller steinalderen, kan du finne mykje interessant i denne artikkelen.

Dette er eit undervisningsopplegg som så vidt er kome i gong våren 2007. Opplegget har laksefiske, historie/kultur og Folkesti. FabelAktiv er støttespelarane som underviser elevane i laksefiske og kasting med flugestang. Unn Karin Kleppe og Olav Johan Mo tek seg av den historiske/kultur delen.

Gravhaugane på Nordfjordeid har gjeve oss mange svar og opplysningar om korleis ein levde her i vikingtida. Like ved Eidsgata ligg det ein godt synleg gravhaug som vert kalla Rundehågen. I denne gravhaugen vart det i 1874 funne restar etter eit vikingskip og eit menneske. Både skipet og mennesket var brent. Lokalt vert gravhaugen kalla «Rundehogjen».

På Stakaldeneset ligg et steinbrot frå steinalderen. Det vart brukt til å ta ut diabasstein til å lage økser og anna reiskap av. Stein frå denne plassen er funnet frå Nordland til Jæren. Når du skal undervise om steinalderen kan det være kjekt og nyttig å vise kor dei som levde på den tida fekk tak i det dei laga reiskap av. Det er ikkje utenkeleg at stein frå Stakaldeneset er brukt når dei jakta blant anna i Ausevika og laga helleristingane som vi finn der.

I Flora kommune er det mange historiske plassar. Helleristingane i Ausevika er ei av dei største og best bevarte felta med den type fortidsminner. På Vestlandet er det bare Vingenfeltet i Bremanger som er større. Du kan lese meir om Vingen her.



