Skriv artikkel, del 3/3

post_edit3I denne siste av dei tre delane om publisering av artikkel skal vi sjå på sjølve teksthandsamaren, der du skriv inn overskrifta og tekstinnhaldet i artikkelen din.

Vi skal gå gjennom formatering av tekst, oppretting av lenkjer og innliming av tekst frå Word eller frå andre nettstader. På ei eiga side vil vi gå gjennom innliming av bilete og filmar.

Du kan klikke på alle illustrasjonsbileta nedanfor for å sjå dei i full storleik.

—————–

Tittel
Overskrifta på artikkelen din skrives i det aller øvste feltet, der det står «Skriv tittel her». Du kan endre tittelen seinare om du ynskjer, og etter at artikkelen er publisert. Du skal ikkje bruke HTML i dette feltet; GeoAtlas bestemmer automatisk korleis denne teksten skal visast ute på nettstaden.

Innhaldet i artikkelen din skriv du i teksthandsamaren, rett nedanfor feltet for tittel.

Skrivemodus
Teksthandsamaren har to visningsalternativ, Riktekst og Tekst. Du vekslar mellom desse via dei to fanane heilt til høgre over skriveområdet. Når du bruker Riktekst vil du sjå innhaldet du skriv omlag slik det vil sjå ut etter publisering på nettstaden; bilete visast som bilete, lenkjer vil vere blå og understreka, overskrifter vil vere litt større enn resten av teksten, osb. Om du bruker Tekst vil all tekst sjå lik ut og HTML-koder som formaterer teksten vil visast i skriveområdet. Klikk på bileta nedanfor for å sjå skilnaden, legg merke til at og verktylinja endrer seg litt og at nokon av knappene der blir borte av di dei ikke trengs i Tekst-visning:

Du vel sjølv kva for ei visning du vil bruke, og du kan veksle mellom dei to utan at det påverker innhaldet ditt.

Merk: Om du trykker på ikonet rett under fanearket «Tekst» forsvinn alt anna enn teksthandsamaren frå skjermbiletet ditt. Dette vert kalla distraksjonsfri skriving, og er en finesse som tar vekk visuell støy fra skjermen din slik at du kan konsentrere deg om artikkelen. Du får tilbake høgrekolonna og botnområdet med alle ekstraval ved å klikke ein gang til på det same ikonet.

Formatering av tekst
Ved hjelp av knappane i verktyrada over teksthandsamaren kan du formatere teksten din — du kan mellom anna la einskilde ord stå i feit skrift eller kursiv, du kan lage punkt- eller nummerlister og du kan opprette avsnittsoverskrifter. For all formatering gjeld: skriv fyrst teksten, deretter markerer du med musepeikaren dei orda som skal formateres, og til slutt klikker du på ynskt verktyknapp.

Merk: På nett er understreka skrift meint for lenkjer, unngå difor å bruke denne formateringsknappen [ U ] — vil du utheve ord kan du bruke feit [ B ] eller kursivert [ I ] skrift. Du vert og oppfordra til ikkje å endre fargen [ A ] eller skrifttypen til teksten, dette er fordi vi ynskjer at alle GeoAtlas-artiklane skal sjå like ut og følgje den same designprofilen.

Undertitlar
Om du vil stykke opp artikkelteksten din med undertitlar/avsnittsoverskrifter kan du bruke nedtrekkslisten i knapperad 2 i Riktekstvisning. Skriv teksten som skal vere ein overskrift, marker den med musepeikaren, klikk deretter på nedtrekkslista og velg «Overskrift 2» («Overskrift 1» er allereide brukt til hovedtittelen). I Tekstvisning er det ingen verktøyknapp for overskrifter, men du kan skrive inn HTML-kode manuelt dersom du er trygg på dette. Det vil sjå slik ut, men utan mellomrom inne i HTML-taggane: < h2 >Avsnittsoverskrift< /h2 >.

HyperlenkeSetje inn lenkjer
På samme sett som når du skal formatere tekst må du når du skal setje inn ei lenkje først markere den teksten du vil skal vere klikkbar. Deretter klikker du på knappen for lenkjer; i Riktekst ligger den i den øvste knapperada og har eit ikon som ser ut som ledd i ei metallenkje, i Tekst er den merka med teksten link. No sprett det opp eit lite vindauge der du kan taste eller lime inn URL til sida du vil lenkje til. Du kan og setje kryss i boksa for om lenkja skal opnas i eit nytt vindauge eller ikkje. Sidan du har markert tekst i artikkelen er feltet for «Lenkjetekst» allereide fylt ut for deg.

Lenkje til Wikipedia
Dersom du ynskjer å lenkje til Wikipedia gjer du dette på fylgjande vis: Skriv [[nn:nøkkelord|nøkkelord]] (du finn denne parentesen ved å halde inne AltGr-tasten medan du trykker på 8- og 9-tasten, eller Alt på ein Mac). Dersom det finst ein artikkel på Wikipedia med denne tittelen vert det no laga ei lenkje dit heilt automatisk. Om det _ikkje_ finst ein artikkel med denne tittelen vert det i staden lenkja til søkesida på Wikipedia, med utlisting av treff på ordet du har brukt. Slik blir det sjåande ut (heile setninga under erstattar [[nn:nøkkelord|nøkkelord]] i den publiserte artikkelen):

Les meir på Wikipedia: nøkkelord(sida vert opna i et eige vindauge)

Lime inn tekst frå andre kjelder
Dersom du har kladda artikkelen din i Microsoft Word kan du markere alt med musepeikaren, kopiere, og deretter lime inn i GeoAtlas sin teksthandsamar. Det meste av formatering (overskrifter, feit skrift, kursivert skrift, fargar) vert då teke vekk, men til dømes avsnittsmellomrom og punktlister blir beheldt. Dette er fordi vi — som nemnt i avsnittet om formatering av tekst — ynskjer at artiklane i GeoAtlas skal sjå så like ut som mogleg, og det skal difor ikkje verte brukt andre teksttypar eller -fargar.

Dersom du vil lime inn eit tekstavsnitt fra ein annan nettstad har du to val. I Riktekstvisning ligg ein knapp i andre verktyrad som har eit ikon som ser ut som ei utklippstavle med bokstaven T (for Tekst) på. Når denne er trykt inn, vil teksthandsamaren freiste å ta vekk så mykje som mogleg av formatering frå kjeldeteksten. Om knappen ikkje er trykt inn vert mykje av HTML-koden frå kjeldeteksten teke med. Det er fordelar og ulemper med både variantar. Ein fordel med å ta vekk formateringa er at utsjånaden til artikkelen din ikke risikerer å verte øydelagt av skjult HTML som styrer plassering av element. Ei ulempe er at dersom det til dømes var lenkjer i den teksten du limte inn så må du manuelt setje desse på plass igjen, ei og ei. I eksempla nedanfor ser du kva som skjer når ein limer inn tekst frå den norske Creative Commons-nettstaden. Legg merke til at [ T ]-knappen er trykt inn på det fyrste eksemplet og inaktiv på det andre. Som du ser i Tekstvisning (det tredje biletet) så kjem det med mykje ekstra HTML når ein limer inn utan å trykkje inn [ T ]-knappen, og dette kan vere ei utfordring for layouten til artikkelen din: