Skriv artikkel, del 2/3

post_edit2I førre delen tok vi føre oss vala i høgre sidestolpe i skjermbiletet for redigering. Her skal vi gå gjennom vala under teksthandsamaren.

Her vil du finne val for kartfesting av artikkelen, for tekstutdrag eller det som gjerne kallast ingress, for å setje inn eit dekorativt bakgrunnsbilete heilt i toppen av sida, for ekstraopplysingar om deg som forfattar og kjeldene dine, samt kva slags CC-lisens du ynskjer å gje artikkelen.

Etter kvart som du byrjar skrive vil du og finne versjonshistorikken her; dvs. ein versjon av innhaldet i artikkelen for kvar gang det blir lagra eller autolagra.

—————–

Stadfest artikkelFinn artikkel
Det spesielle med GeoAtlas er at artiklane er geografisk stadfesta. I kartbiletet under «Finn artikkel» skal du difor plassere ein kartmarkør der du meiner at den best høyrer heime for din artikkel. Du kan anten setje inn X- og Y-koordinatar i felta under kartet, eller du kan klikke på noregskartet for å plassere denne markøren. Pass på å zooma godt inn, slik at plasseringa blir nøyaktig. Klikk på knappen med kartnåla, deretter vil eitt enkelt klikk med venstre musepekar – eller eitt tapp med fingeren om du brukar nettbrett – over kartet være nok for å setje eit punkt. Om det er naudsynt kan du klikke/tappe på nytt for å flytte kartnåla.

Om du alt har publisert artikkelen din og så gjer endringar, må du og hugse på å klikke på den blå knappen «Oppdater» i høgre sidestolpe, under «Legg ut», for at endringane skal visast ute på nettstaden.

ET Settings
Her kan du laste opp eit bilete som vil liggje heilt i toppen av sida, bak overskrifta til artikkelen din. Dette biletet bør vere minst 1024 pikslar breitt, og ganske lavt i høgda (maksvisning er 320 pikslar). Du treng ikkje beskjere biletet før du lastar det opp, men du har større kontroll på kva som skal visast om du gjer det. Sjå sida «Kontaktinformasjon» for ein demonstrasjon av korleis eit slikt bilete vil sjå ut.

Om du alt har publisert artikkelen din og så gjer endringar, må du og hugse på å klikke på den blå knappen «Oppdater» i høgre sidestolpe, under «Legg ut», for at endringane skal visast ute på nettstaden.

Utdrag
Teksten i denne boksa vil være synleg på baksida av alle framsidebileta, og i toppen av kvar einskild artikkel. Det er altså både ein «teaser» – eller lokketekst – for artikkelen din, og det som på avisspråket vert kalla ein ingress. Her skal du skrive eit kort samandrag av artikkelen din, eller ein tekst som fortel nok om innhaldet til at ein interessert lesar vil få lyst til å klikke seg inn og lese vidare. Forsøk å avgrense denne tekstmengda til rundt 250 teikn.

Les meir på Wikipedia: ingress (sida vert opna i et eige vindauge)

Custom fieldsEigendefinerte felt
Nedst i kvar artikkel ligg ein grøn tekstboks med informasjon om kven som har skreve artikkelen og eventuelt kva for kjelder som er benytta. Denne informasjonen skal du fylle ut her.

Som du vil sjå når du åpnar nedtrekkslista så er det ein del val der som kan vere vanskelege å forstå, men du skal kun bruke Forfattar, Kjelder, Klassetrinn og Kommune. Du treng sjølvsagt heller ikkje bruke alle desse.

Vel ei opplysing, fyll deretter ut tilhørande informasjon i boksa til høgre – om du skal ha fleire med så klikkar du på knappen «Legg til eigendefinert felt» og gjentek prosessen: vel stikkord i nedtrekkslista til venstre og fyll ut rett informasjon i boksa til høgre. Dersom du ynskjer å bruke HTML-kode i tekstfeltet kan du det – til dømes kan du bruke a href-taggen for å lenkje til kjeldenettstader, der det er aktuelt.

Om du alt har publisert artikkelen din og så gjer endringar, må du og hugse på å klikke på den blå knappen «Oppdater» i høgre sidestolpe, under «Legg ut», for at endringane skal visast ute på nettstaden.

Lisens
Internett gjer det lett å dele ting med andre, og vi vil gjerne at artiklane på GeoAtlas skal få så mange lesarar som mogleg. I Lisens-boksa fortel du dei vitjande kva slags regler du ynskjer skal verte følgde om dei ynskjer å dele artikkelen din vidare.

Standardlisensen for GeoAtlas er BY-SA, Namngjeving – Deling på same premissar; du kan lese kva dette inneber hos Creative Commons Norge. Du kan likevel sjølv setje ein annan lisens om du ynskjer det. Merk at dette er for lisensen på sjølve artikkelen, altså tekstinnhaldet. Lisens på mediainnhald (bilete, film, andre filer) setjast direkte på desse filane i GeoAtlas sitt Mediabibliotek, anten når du lastar opp materiellet eller seinare.

Du finn informasjon om dei ulike lisenstypane hos Creative Commons Norge.