Skriv artikkel, del 1/3

For å setje i gang med din fyrste artikkel kan du klikke på lenkja +Ny i den svarte toppmenylinja og deretter velje «Innlegg». Du kjem då til eit skjermbilete med ei rekkje val og skriveområder.

post_edit1I denne fyrste av tre delar skal vi ta for oss vala i høgre sidekolonne. Her vil du finne val for språk (GeoAtlas er tre-språkleg), publiseringsdato og -status, sortering under kategori, merkelappar og geografisk tilhøyrsle, og for biletet som visast på framsida og som skal freiste lesarane til å klikke seg inn på nettopp din artikkel.

Du kan klikke på alle illustrasjonsbileta nedanfor for å sjå dei i full storleik.

—————–

LanguagesLanguages
Her skal du velje visningsspråk for artikkelen din. Hovudspråket for innhaldet på GeoAtlas er nynorsk, du må difor alltid fyrst opprette ein nynorsk versjon av artikkelen din for at den skal bli tilgjengeleg for lesarar ute på nettstaden. Etter at ein artikkel er publisert på nynorsk kan du lage oversetjingar til bokmål og/eller engelsk ved å klikke på plussteiknet ved flagga.

PubliseringLegg ut
Denne boksa styrer publisering av artikkelen din. Du kan skrive og lagre utan å publisere; da brukar du knappen «Lagre kladd». Du kan også setje ein publiseringsdato fram i tid; dette er aktuelt dersom du skal skrive om noko som ikkje bør røpast før det har blitt omtalt andre stader (det kan f.eks. være ei ny statue som du har fått lov til å skrive om, men som ikkje kan visast fram før den offisielle avdukinga har skjedd). Då veljer du publiseringsdato og klokkeslett, og klikker deretter på knappen «Legg ut».

Du kan og bruke denne boksa til å ta vekk artiklar som alt er publisert men som ikkje skal slettast. Kanskje skal du berre gjere nokre endringar og så publisere artikkelen på ny. Klikk på «Endra» ved Status og set attende til kladd, før du lagrar. No kan kun du sjå artiklane, og dei er borte frå sjølve GetAtlas-nettstaden.

GeoAtlas lagrar automatisk det du skriv med eit par minutts mellomrom. Det er difor ikkje krise om du skulle kome til å lukke nettlesarvindauget utan å ha lagra eller publisert; du vil finne ein sikringskopi av artikkelen i lista di når du går attende til styringspanelet. Dersom «Legg ut»-knappen ikkje er aktivert (den er «gråa ut») når du ynskjer å publisere artikkelen din er dette nettopp avdi det akkurat då skjer ei autolagring. Då er det berre å vente eit par sekund og så freiste på ny. Meir om autolagring nedanfor, under «Historikk».

Kategorier og merkelapperKategoriar og Merkelappar
For at artikkelen din skal vere enkel å finne for lesarane – som gjerne kjem til GeoAtlas for å lese om bestemde fagområde eller tema – skal den sorterast under ein eller fleire kategoriar. Du kan altså setje hake ved fleire enn ein kategori dersom dette er aktuelt. Det finst eit omfattande hierarki av hovud- og underkategoriar å velje i, men om du ikkje er 100% nøgd med utvalet kan du spørje læraren din om h*n kan opprette ein ny kategori for deg.

Merkelappar er stikkord, lik emneknaggar eller «hashtaggar» som du kanskje kjenner frå Instagram og andre sosiale medier. Desse vert brukt i tillegg til kategoriar for å sortere artiklane. Dei vil visast nedst i artikkelen din, og fungerar slik at dersom nokon syntes det var ein interessant artikkel kan dei klikke på ein av merkelappane og sjå om det finst fleire artiklar som er merka med same stikkord. I motsetnad til kategoriar kan du sjølv opprette nye stikkord, ved å taste dei inn i feltet ved «Legg til»-knappen. Bruk komma mellom stikkorda dersom du vil leggje til fleire enn eitt. Du kan og bruke stikkord som andre har laga; klikk på «mest brukte»-lenkja og ta ein titt på desse slik at du kan knyte artikkelen din til andre artiklar innanfor same tema.

Fylke og kommuneFylke og kommune
Ved å knyte artikkelen din til kommunen og fylket der det du skriv om hører heime lar du lesarane enkelt finne fram til lesestoff frå det geografiske området dei er interesserte i. Sett hake både ved fylket og kommunen; om aktuelt er det og mogleg å setje hake ved fleire enn ein av kvar.

HovedbildeHovudbilete
Hovudbiletet er det biletet som visast for kvar artikkel på framsida av GeoAtlas og på oppslagsidene for alle kategoriar, geografiske område og søkeresultat. Biletet kan være kor stort som helst avdi det blir klipt og krympa til å passe inn i formatet – pass likevel på at det _minst_ er 640 piksler breitt og 480 piksler høgt. Det lønar seg å bruke eit bilete i breiddeformat, altså der topp og botn er breiare enn sidekantane er høge. Det er ofte lurt å redigere biletet sjølv før ein lastar det opp, då har du full kontroll på kva slags utsnitt av biletet som blir vist. Bruk då forholdet 4:3 på breidd og høgde.

Vel eit godt bilete som gjer at lesaren får lyst til å gå inn og lese artikkelen! Dersom det ikkje blir lasta opp noko bilete til artikkelen vil det i staden visast ein grøn «plasshaldar» med logoen til GeoAtlas på framsida og på samlesidene.