Sett inn film

Film på nett er vrient, sett frå eit teknisk synspunkt. Med så mange kameratypar som finst i dag finst det og mange filformat, på likt vis som det finst mange ulike einingar som skal spele av filmane etterpå: mobiltelefon, nettbrett, PC og Mac – alle med ulike nettlesare og ulike operativsystem. Så lenge det ikkje er einsemd om ein standard for digital film vil det difor vere lurt å nytte tenester som spesialiserer seg på visning av film på nett, og ikkje freiste å dekke opp for alle moglege variantar sjølv.

For GeoAtlas er det YouTube som er valt som videoplattform. Her kan ein sette opp private (skjulte) brukarkontoer, som lar deg laste opp filmen til tenesta og bruke den i artikkelen din utan at den er synleg via søk på vertstenesta. Du kan og velje å bruke ein åpen brukarkonto, slik at dei som ser filmen på YouTube kanskje blir nyfiken og klikkar seg vidare til artikkelen på GeoAtlas.

Høyr med læraren din om det alt finst ein felles brukarkonto for skulen eller klassa, der film kan lastas opp og deretter lenkjes inn til artikkelen din.

YouTube

Når videoen er lasta opp og klar for deling, skal du klikke på «Share» og deretter «Embed» under filmavspilleren. Sett kryss etter fylgjande mønster:

Video size: 640 × 360
Show suggested videos when the video finishes: Ikkje kryss av her
Show player controls: Sett kryss
Show video title and player actions: Sett kryss
Enable privacy-enhanced mode: Sett kryss (dette inneber at YouTube ikkje legg sine cookies i nettlesaren til dine lesarar før dei klikker på avspilling av filmen)

youtube

Kopiér HTML-koda, som ser omlag slik ut <iframe width=“640” height=“360” src=“https://www.youtube …” ></iframe> og lim den inn i Tekst-modus i artikkelen din (fana oppe til høgre for teksthandsamaren). Du kan skifte attende til Riktekst etterpå, dersom du føretrekkjer dette.