Sett inn biletegalleri

Her skal vi gå gjennom korleis du kan setje inn eit biletegalleri i artikkelen din. Aller fyrst må du syte for å ha bileta klare på PCen du jobbar frå, helst lagra i samme mappe. Du må ha informasjon om fotografen(/ane) dersom det ikkje er du sjølv som har teke bileta, og du må og ha undersøkt kva slags lisens som skal registrerast for vidare bruk av dei einskilde bileta.

Om bileta du skal laste opp er veldig store (meir enn 2500 pikslar breie), bør du redigere storleiken deira før du lastar dei opp. Altfor store bilete vil ikkje visast fint på nettsida, og dei vil gjere at det tek lengre tid enn normalt for kvar side å laste i nettlesaren. Likevel bør bileta heller ikkje vere for små; eit absolutt minimum er 640 pikslars breidd.

Mykje av framgangsmåten er lik den du bruker for å setje inn eit einskild bilete. I skrive-/redigeringsvisning klikkar du på knappen «Last opp medium», over teksthandsamaren si verktylinje. I dialogboksa som dukkar opp vel du «Lag galleri» heilt oppe til venstre. Deretter vel du fanearket «Last opp filer», eller «Mediebibliotek» dersom bileta alt finst i GeoAtlas-løsninga.

Vel "Lag galleri" (1), deretter "Last opp filer" (2)

Vel «Lag galleri» (1), deretter «Last opp filer» (2)

Når du skal laste opp bilete kan du laste opp fleire samstundes ved å halde inne Ctrl (Cmd på Mac) medan du klikkar på eitt og eitt bilete i utforskervindauget. Attende i dialogboksa vil du sjå at alle dei nye bileta har ei ramme rundt seg og eit hake-ikon i øvre høgre hjørne. Du kan og sjå kva for bilete som er valt ut heilt nedst i dialogboksa. Du kan ta vekk eller velje bilete frå utvalet ved å klikke i øvre høgre hjørne av kvart bilete, slik at hake-ikonet for valt bilete visast eller forsvinn.

Når du har lasta opp bileta kan det vere lurt å velje å kun vise dei bileta som høyrer til artikkelen du jobbar med

Når du har lasta opp bileta kan det vere lurt å velje å kun vise dei bileta som høyrer til artikkelen du jobbar med

Fyll ut opplysingar om bileta i høgrekolonna. Du kan bare fylle ut for eitt bilete om gongen, det valte biletet har ei blå ramme rundt seg. Når alle bileta er ferdig beskrivne kan du klikke på den blå knappen nedst i høgre hjørne, merka «Lag eit nytt galleri». No kjem du til ei ny side der du bestemmer rekkjefylgja på bileta. Du kan dra og slippe bileta rundt på skjermen til dei har den rekkjefylgja du ynskjer.

Bileta skal lenkjes til Mediafil, ikkje Vedleggsside

Bileta skal lenkjes til Mediafil, ikkje Vedleggsside

Under Innstillingar for galleri fyller du ut fylgjande:

Lenk til: Mediafil
Spalter: 3
Tilfeldig rekkjefylgje: ikkje avkryssa
Storleik: Miniatyr

Til slutt klikker du på den blå knappen merka «Set inn galleri».