Sett inn bilete
Her skal vi gå gjennom korleis du kan setje inn bilete i artikkelen din. Aller fyrst må du syte for å ha biletet klart på PCen du jobbar frå. Du må ha informasjon om fotografen dersom det ikkje er du sjølv som har teke biletet, og du må og ha undersøkt kva for lisens som skal registrerast for vidare bruk av biletet.
Om biletet du skal laste opp er veldig stort (større enn 2500 pikslar breitt), bør du endre storleiken innan du lastar det opp. Altfor store bilete vil ikkje visast fint på nettsida, og dei vil og gjere at det tek lengre tid enn normalt for kvar side å laste eller visast i nettlesaren. Likevel bør bileta heller ikkje vere for små; eit absolutt minimum er 640 pikslars breidd.
Du kan klikke på alle illustrasjonsbileta nedanfor for å sjå dei større.
I skrive-/redigeringsvisning av artikkelen vil du sjå ein knapp merka «Legg til medium» over verktyraden til teksthandsamaren. Denne brukast til å setje inn bilete, PDF-filer og andre vedlegg. Klikk på knappen, ei dialogboks vil no leggje seg over skriveområdet ditt. Dersom du skal bruke eit bilete som allereie er lasta opp til GeoAtlas kan du bruke fanearket «Mediasamling» og bla deg gjennom bileta. Dersom du skal laste opp eit nytt bilete vel du fanearket «Last opp filer». Klikk deretter på knappen merka «Vel filer» og bla deg frem til biletet på PCen du jobbar frå. Når du har henta inn biletet vil det leggje seg fyrst i rekkja over bilete, og det dukkar og opp i ei sidestolpe på høgresida av dialogboksa. Her må du fylle ut ei rekkje opplysingar:
Generelle opplysingar
URL: Dette er nettadressa til biletet. Den opprettast automatisk og du skal ikkje endre noko her.
Tittel: Gi biletet ein kort, beskrivande tittel slik at det lett kan finnast seinare. Det er mange bilete i GeoAtlas!
Bilettekst: Her skriv du litt om biletet, denne teksten vil visast under biletet inne på artikkelen.
Alternativ tekst: For dei som ikke bruker vanleg nettlesar, til dømes svaksynte, vil det som står i feltet «Alternativ tekst» bli lest opp i staden for at dei kan sjå biletet. Du kan bruke bildetittelen om att her om du vil.
Skildring: Her kan du la feltet stå tomt eller du kan kopiere teksten frå feltet «Bilettekst».
Ajax Thumbnail Rebuild: Dette er et verkty som lagar nye minibilete av biletet ditt dersom det er blitt endra — du treng normalt ikkje trykkje på denne knappen.
Lisensopplysingar
Bilettittel: Du treng ikkje fylle ut dette feltet. Grunnen til at det står to ganger er at det er brukt eit programtillegg for å beskrive lisensen til hvert bilete, og dette krev at ein fyller ut tittel. Du har jo alt fylt ut tittel høgre oppe, så dette feltet kan stå tomt.
Kjelde-URL: Dersom biletet du skal bruke er lasta ned frå ein annan nettstad kan du skrive inn adressa dit her.
Autor: Namnet på fotografen (fylles og ut dersom det er du som har teke biletet!)
Autor-URL: Dersom biletet du skal bruke ikkje er ditt eige kan det hende at fotografen vil at du skal kreditere han eller henne med lenkje til bloggen eller nettsida hans/hennar.
Type Creative Commons-lisens: Her vel du type lisens for biletet. Når du sett markøren i feltet vil du kunne velje mellom ei rekkje lisensar.
Visning av biletet (Innstillingar for vedleggsvisning)
Justering: Her vel du om biletet skal stå på ei linje for seg sjølv (Ingen og Midstilt), eller flyte saman med teksten, på høgre eller venstre side. Dersom du vel full storleik på biletet vil det vere best å velge Ingen her, men om du vel Medels eller mindre kan du gjerne bruke Venstre eller Høgre.
Lenk til: Her vel du Mediafil. Da vil ein kunne klikke på biletet ditt når ein ser det i artikkelen og få det opp i fullskjermvisning.
Storleik: Her kan du velje kor stort biletet skal vere i artikkelen. Om du ynskjer at det skal flyte til høgre eller venstre for teksten vel du Medels eller mindre. Dersom du vel Stor eller Full storleik bør du setje Ingen eller Midtstilt på Justering ovanfor. Det gjer ikkje noko om biletet er veldig stort, GeoAtlas vil uansett ikkje vise det breiare enn det er plass til i artikkelen.