Rediger artikkel

Alt innhald i ein artikkel kan endrast eit ubegrensa antall ganger, og etter at artikkelen er publisert. Dette gjeld ord og avsnitt i teksten, tittelen på artikkelen, bilete, kategori, merkelappar, kartplassering – ALT. Hugs berre å bekrefte endringane ved å klikke på den blå publiseringsknappen i boksa «Legg ut» for at dei skal verte synlege ute på nettsida.

Publiser Oppdater

Merk: Publiseringsknappen har teksten «Legg ut» før ein artikkel vert publisert, etter dette skiftar teksten til «Oppdater».

Du kjem til redigeringsvisning – når du er logga inn – via ein grøn knapp nedst i artikkelen, eller via lenkja «Endra innlegg» i den svarte toppmenylinja øvst i nettlesaren. Om du er i styringspanelet kan du og klikke på menypunktet «Innlegg». Då vil du sjå ei liste over absolutt alle artiklar som er publisert på GeoAtlas. Du kjem til redigeringsvisning frå denne lista ved å klikke på tittelen til artikkelen din, eller ved å peke på tittelen og så klikke på «Endra» i menylinja som dukkar opp under tittelen.

Merk: Du har kun høve til å redigere artiklar du sjølv har skrive.

Snøggendring
Noko av informasjonen til artikkelen din kan du endra utan å gå til full redigeringsvisning. Dette gjeld tittel på artikkelen, kategori, merkelappar, fylke/kommune, språkval og dato for publisering. Du kan og avpublisere artikkelen, slik at den ikkje lenger er synleg ute på GeoAtlas-nettstaden.

Hurtigredigering gjer du ved å gå til oversikta over alle artiklar (styringspanel > Innlegg), peke på artikkelen du vil endra og deretter klikke på «Snøggendring»:

Sjølve innhaldet i artikkelen, inkludert bilete og anna mediainnhold, må du til full redigeringsvisning og teksthandsamaren for å endra.