Opprette brukarkonto, logge inn

GeoAtlas er ein nettstad der elevar tilknytta prosjektet bidreg med innhaldet. For å kunne skrive ein artikkel må ein vere registrert brukar. Alle vitjande kan likevel kommentere på artiklane, her behøver du korkje vere skuleelev eller registrert! Slik oppretter du ein brukarkonto for å skrive artiklar:

Aller først må du opprette ein brukar på nettstaden (lenkje). Under Brukarnamn fyller du inn eit namn du enkelt hugsar for seinare bruk, dette vil ikkje vere det namnet du skal underteikne artiklane dine med. Under E-postadresse fyller du ut ei e-postadresse du nyttar. Når du har registrert deg med brukarnamn og e-postadresse vil ein lærar eller annen ansvarleg godkjenne brukaren din; om du ikke gjer dette i samband med eit klasseprosjekt kan det hende at det vil ta inntil eitt døgn før brukaren din blir klar.

Registreringsprosess

Slik ser det ut når du skal registrere ein brukar på GeoAtlas

Når du får e-post om at brukaren din er klar, kan du logge inn på styringspanelet til GeoAtlas. I e-posten er det eit passord for brukarkontoen din. Når du skal logge inn fyller du inn brukarnamnet ditt eller e-postadressa di under Brukarnamn, og under Passord det passordet du mottok via e-post. Om du gløymer passordet kan du få det nullstilt ved å klikke på lenkja under innloggingsskjemaet, da kjem ein e-post med nye opplysningar til deg. Det er viktig at du passar på å oppdatere brukaropplysningane dine om du skiftar e-postadresse.

NB! Om du ikkje finn desse e-postane kan det vere lurt å sjekke i spammappa di, det hender at dei hamnar der.

Innloggingsvindauge