Endre brukarprofilen
Fyrste gong du loggar deg på GeoAtlas er det kjekt om du brukar litt tid på å fylle ut opplysningane på brukarprofilen din. Nokre av desse er der for å gi deg ei betre brukaroppleving, andre for å tilpasse korleis du blir nemnd som forfattar på GeoAtlas-artiklane dine.
Rikteksthandsamar
Når du skal skrive artiklar kan du velge mellom to sett for vising av teksten i skrivefeltet. Som standard visast ein variant der all formatering visast omgåande i skrivefeltet – om du gjer ein tekstsnutt i feit skrifttype vil du sjå den som feit, om du legg inn ei lenkje vil du sjå ei klikkbar lenkje med understreking, om du legg inn eit bilete vil du sjå dette biletet, osb. Denne varianten kallast «Riktekst». Om du er fortruleg med enkle HTML-koder som den for bilete (img src), for lenkjer (a href) og for ulik formatering av tekst (h1, h2, strong, italic osb.) kan du velje å slå av denne og kun bruke den som kallast «Tekst». Du vil da se de vanligste HTML-kodene i teksten du skriv i staden for det endelege resultatet av dei.
Fargeval
Dette er eit «pynteval» som lar deg bestemme kva for slags fargeskjema styringspanelet skal ha. Det har kun innverknad for din brukarkonto og har heller ikkje nokon effekt på utsjånaden til GeoAtlas-nettstaden.
Tastatursnarvegar
Om denne er aktivert vil du kunne bruka dei tastatursnarvegane som er beskrevne på denne sida for å navigera ute på GeoAtlas-nettstaden.
Verktylinje
Når du er logga inn på GeoAtlas som brukar vil du sjå ei smal svart menylinje heilt øvst i skjermbiletet, uansett om du er inne på styringspanelet eller ute på sjølve GeoAtlas-nettstaden. Det er tilrådd å krysse av for at denne skal visast; den gir deg snarvegar til dei mest brukte delane av styringspanelet. Det kan til dømes vere lenkje til redigering av artikkelen du les — såframt den er skreven av deg — eller lenkje for å starte på ein ny artikkel.
Admin language
Her kan du velje kva slags språk du ynskjer at styringspanelet skal visast i. Dette har kun effekt for din brukar.
Namn
Under namnebolken er det kjekt om du fyller ut føre- og etternamnet ditt. Deretter kan du i nedtrekksmenyen for «Vis namnet offentleg som» velje føre + etternamn; det er dette som vil visast ute på artiklane dine. Om andre nettstader lenkjer til artikkelen din er det dette namnet dei vil bruke som forfattar.
Resten av informasjonen på profilsida er førebels ikkje så viktig; det finnest pr. i dag ikkje nokon eige forfattarside der ein kan lese meir om dei enkelte GeoAtlas-skribentane. Om dette endrast vil du få beskjed om og høve til å fylle ut mer informasjon om deg sjølv – ein minibiografi, gjerne!