Sidemeny+
Read more

Sognabær DA

4. des 2007 by

Den 9. mai 2007 var elevar i klasse 1sta frå Sygna Vidaregåande Skule på ekskursjon hjå Sognabær DA på Vangsnes. Me skrangla oss innover med ferja og opp langs dei lokale vegane på Vangsnes og endte opp hjå Ola Hopperstad som skulle ta oss med og syne oss bedrifta som han og tre andre eig.

Read more
Read more

Denne stølen ligg ca eitt kvarters gange frå Haukastølen. Ein fylgjer eit hjortetrakk opp frå stølen og held så til høgre utover bjørkelia mot Vidhammargjelet. Selet er plassert under Rauneholten heilt ute mot Vidhammargjelet.

Read more
Read more

Engi.

17. des 2006 by

Engi ligg 5 km framme i Fresvikdalen, der dalen kløyver seg i Tundalen og Storedalen. Dette var ein vår og hauststøl og truleg den eldste stølsgrenda i Fresvik. Alle bruka i Flatbygda og Tretteteig hadde stølsrett her. Stølen var delt i to grender, Heimrestølen og Fremrestølen. Stølen var den som var lengst i bruk i Fresvik.

Read more
Read more

Skilnaden på ei rås og ei veit er at råsa er større enn veita. Ei stor veit eller lita elv vart kalla rås (raos), og dei gjekk som regel ut frå Storelva. Råser og veiter er opparbeidde og ikkje naturleg laga. I Fresvik var det fleire store råser: Sagaraosene og Kvednaraosene. Dei største veitene var Giljaveiti, Grundelandsveiti, Holeveiti og Bakkaveiti. Ut frå desse veitene og råsene gjekk det mindre veiter utover dei ulike eigedommane.

Read more
Read more

Giljaveiti

16. des 2006 by

Namnet Gilja kjem truleg av det gammalnorske ordet gil, i fleirtal heiter det giljar. Dette ordet tyder gjel eller kløft. Me veit at på den andre sida av Storelvi opp mot Hov heiter det Giljareinene. Altså tyder truleg ordet "veiti som renn gjennom eit gjel eller ei kløft."

Read more
Read more

Nede ved elva hadde ein i eldre tid mange kvernar, og seinare også vassdrivne slipesteinar. Det var ikkje alle stadar så godt å finne trygge og gode kvernestøe. Tett ved sjølve Storelva var det tryggast å laga kvednaråser.

Read more
Read more

Holeveiti

16. des 2006 by

Holeveiti hadde inntaket sitt i Sagaråsi like ved Solhaug. Det var Holene og Grundeland som heldt denne veiti i stand. Den nederste delen av Holeveiti blir kalla Ingrigroi.

Read more
Read more

Sagaråsi

16. des 2006 by

Sagaraosi var den største og lengste råsa, og var minst 1 km lang. Ho var også ei av dei eldste veitene i Fresvik. Råsi gjekk ut frå elva under skulen og nedover til Sagi (Hauglum) i nokså rett linje. Over Sagagranden vart ho kalla Læveiti. Det kom inn vatn i råsa frå ei oppkome, og dette vatnet fraus ikkje, difor vart ho kalla Læveiti.

Det var eingong det budde ei gygr på Nonhaugen. So var ho bedi i på Engjafjellet. Ho tok då ein stor stein i forkledet sitt og skulle ha til faddergåva. So skulle ho hoppa frå Nonhaugen og bort på Engjafjellet. Men so rauk forklebandi og steinen datt ned. Gygri klarte so vidt å koma seg over dalen.

Den gamle vatningsveita på Hov.
Alle bruki på Hov og Øybøen var med på veiti, og ho skulle vera laga i den tid det var 4 bruk på Hov. Arbeidet vart gjort på dugnad og dei brukte ein sommar på å få veita ferdig. Veitene vart bygde med hakke og spade, med handmakt som dei sa.

14 dyregraver på ein kort strekning. Ved utløpet av Styvisdalsvatni ligg det tre dyregraver på eit lite område. Dei har tydelege beiemurar og sperrar eit lite skar som dyra må gjennom enten dei no kjem frå Huldabotn eller ovanfrå fjellet der dei andre gravene ligg.

Read more
Read more

Vardane

31. mar 2006 by

Høgste punktet på den gamle stølsvegen mellom Breidalen og Bakka blir kalla Vardane. Ein må opp i ei høgd på ca 1350m, men vegen krokar seg fint opp den siste stigninga mot skaret. Det er tydeleg at han er lagd med omtanke for at bufarevegen skulle bli lettast mogeleg både for folk og beist.

Read more
Read more

På strekninga Varden -Styvisdalsvatni og opp til vatnet som Øvste Breivåi kjem frå ligg det ikkje mindre enn 14 dyregraver. I luftlinje utgjer dette knapt 2 km. Eit par av desse dyregravene er blitt undersøkte av professor Edvard K. Barth og me har difor ein del interessante opplysningar om dei.

Read more
Read more

Dette er fjellstølen til Djupevik. Her stod eitt langt sel som var delt i to. Aksnesgarden hadde eine halvparten, og det vart kalla Aksnesselet. Den andre halvparten nytta Djupevik bruk 1 og 3, og Olav Heimlid kalla den delen Vårt sel.

Read more
Read more

Stølen ligg over dei første hamrane, ca 350 m.o.h. Det var oppsett streng på vegen opp til Øvste Snyttestølen, men strengen enda noko nedanfor selet. Dei brukte han til å senda ost og ymse anna nedatt til sjøen.. Dei flytte opp hit frå Nesta Snytta når geitene byrja å trekkja opp mot fjellet.

Read more
Read more

Snyttestølen vart også kalla Nesta Snytta. Snytta var rudningsbruk under Njøs i 1667. Siste brukaren på Snytta reiste til Amerika i 1867. I nyare tid vart Snytta brukt til vårstøl for geiter då det var tidleg bue der ute. Fleire gardsbruk i Fresvik var her ute med geiter. Her var berre eitt sel. Stølen høyrde til Norane og det var tre eigarar på Snytta i den tid fresvikjene stølte der.

Read more
Read more

Presthilleren var frå først av ein liten plass der det blir sagt at det budde ein fantefamilie. Dei hadde eit lite barn, og presten måtte oppom og døypa barnet ein gong han var på veg frå preike i Fresvik og skulle attende til Leikanger. Derav namnet.

Read more
Read more

Haugavikstølen skal liggja til venstre for Straumsnesgrovi, like ovanfor ein bratt hammar som heiter Gildrehammaren. Ca 350 m.o.h. Stølen skal liggja inne i eit bjørkeholt, kanskje på same høgde som Straumsnesstølen

Read more