Sidemeny+
Read more

Dersom du har anlegg for å få krampe nytta det ikkje å ta seg arbeid på stader der du kan falle ned. Har du anlegg for svimmelheit bør du ikkje ta arbeid som krev arbeid i stilas. Dette er ikkje tull! Det er viktig å ta eit godt gjennomtenkt yrkesval og komma seg på rett hylle her i livet.

Read more
Read more

Vasskverni kom til Noreg kring år 1200. Me veit ikkje sikkert når den første kverni i Fresvik blei sett opp, men det blei nesten ein liten revolusjon då ho kom. Å mala korn blei mykje enklare. På dei største kvernane kunne ein mala opp til 100 kilo på eit døger viss kornet var tørka. Dei minste kvernane kunne klare 50 kilo

Read more
Read more

Gamalost er eit sterkt prov på den vestlandske optimismen og framtidstrua, i følgje nettsida til gamalostfestivalen. Gamle tradisjonar kombinert med ny kunnskap er viktige deler i produksjonen av denne særmerkte osten, som altså har sin eigen festival kvart einaste år i kommunen Vik i Sogn og fjordane.

Read more
Read more

Som ledd i at alle bygdene i Sogn skulle få straum laut det trekkast kablar frå sørsida av Sognefjorden over nordsida. Kjelda til straumen var Vikafalli som ligg i Vik kommune og kraftspennet gjekk frå Feios over til Fatlaberget aust for Leikanger. I mange år hadde dette verdsrekord som lengste kraftspenn.

Read more
Read more

Like før ein kjem til Øvste Snauasetvatnet ligg det ein steinring like til venstre for stien, 1133 moh. Han er oppmura med ei til to steinraster. Ringen er ujamn og mest oval på form, 4-5m brei og 6-7m lang. Han ligg i ein liten skråning, terrenget er ujamnt og det er framleis mykje stein inne i ringen. Posisjonen er 32 v 0387636, 6765481 C

Read more
Read more

Skard er vårstølen til gardane på Hovssida i Fresvik. Her har alle gardane frå Øyri til Hatlelid hatt stølsrett. Otterhjell skal også ha støla i Skard i eldre tid. Stølen ligg rundt 600moh så det blir seint bue om våren. Beita er heller dårlege med mykje lyng og furuskog.

Read more
Read more

Jordalen har vore sams støl for dei eldre gardane i Fresvik. Denne fjellstølen er delt i to, Øvstedalen og Nedstedalen som ligg 3-4 km frå kvarandre. I fylgje bygdeboka for Leikanger er det mykje truleg at stølane ikkje er likt gamle. Truleg er Nedstedalen eldst, sjølv om denne stølsgrenda ligg lenger frå Fresvik enn Øvstedalen. Nedstedalen ligg ca 100m lægre enn Øvstedalen, så det vart nok noko tidlegare bue her om våren, og det ville vera ein stor fordel i fôr-knappe år. Truleg har difor Nedstedalen først vorte busett, men etter kvart som stølen fyltest opp, har nokre gardar sett opp sel i Øvstedalen og på den måten utnytta beita betre.

Read more
Read more

Gardane på Hov har hatt særskilde geitestølar. Dei låg slik til at dei ikkje kunne nyttast av kyrne. Orrahaug er vårstøl for Hovsgardane og blei teken i bruk etter at det gjekk ei skrede forbi Tungestølen. Dei var difor redde for at husa skulle bli tekne og flytte så bort på Orrahaug.

Read more
Read more

Monskverna har alltid tilhøyrd Monsgarden, no eig Jardar Bøtun kverna. Tidlegare sto ho på eit område som høyrde til garden. Rundt 1886 var det utskiftning i flatbygda, slik at no eig Monsgarden kverni, men ikkje området rundt.

Read more
Read more

Dette var ein fjellstøl som høyrde til Dyrdal Otter¬hjell gnr 43 bnr 1 og bnr 3 (Flæte) støla her i 1935. Elles blir det sagt at det var bruk nr 2 på Otterhjell som leigde denne stølen.

Read more
Read more

Åva er heimestølen til Flæte og Breilid og vart brukt som vårstøl. Stølen ligg fint til i ei halvbratt li, men for å komma bort til sela må ein kryssa elva. I dag på ei solid bru, men i eldre tid måtte ein nok vassa elva.

Read more
Read more

Fresvik har i dag eit flott idrettsanlegg som i dag består av ein stor grasbane med laupebane med grusdekke og eit stort og flott klubbhus. Idrettslaget har og to hytter, ein av dei med uthus. Dei har også lysløype i Fresvik. Idrettsplassen har gjennom alle år vore ein samlingsplass for unge og gamle. Det har og vorte arrangert mange store stemne på nettopp idrettsanlegget. Men idrettsanlegget har ikkje alltid vore som i dag. Den har blant anna blitt teken av flaum og totalt øydelagt to gongar på den 86 år gamle historia til idrettslaget.

Read more
Read more

Hausten kjem, og igjen nærmar det seg tida for at sauene skal heim. I Jordalen er det rundt 1300 sauer frå gardane i Fresvik. Sauene har gått og beita på fjella i heile sommar. Di lenger ut på hausten me kjem, di meir minkar graset, lufta blir kaldare og dagane kortare. Tida er inne for den store sauesankinga i Jordalen.

Read more
Read more

Fresvik skulekorps vart starta i januar 1969. Nokre av dei som var med å starta korpset var Sigurd Høgheim, Sigrun Vangsnes og Bjarne Bjørkevoll. Dei fann ut at det var på tide med eit eige korps i Fresvik. Tidlegare var ei lita tromme einaste instrument i 17. mai toget. Den gjekk Ester Flæte og spela på. Ho slo takten medan resten av toget song.

Fresvik skule omfattar i dag skule, gymnastikksal, barnehage og bibliotek. I tillegg blir skulen brukt til mykje anna. Korps, musikkskule, kunstskule og dametrim er berre nokre av dei aktivitetane som du kan finne på skulen på kveldstid. Skulehuset blei bygd i 1948 og er det eldste skulehuset i kommunen.

Read more
Read more

Fresvik skulekorps vart starta i januar 1969. Nokre av dei som var med å starta korpset var Sigurd Høgheim, Sigrun Vangsnes og Bjarne Bjørkevoll. Dei fann ut at det var på tide med eit eige korps i Fresvik. Tidlegare var ei lita tromme einaste instrument i 17. mai toget. Den gjekk Ester Flæte og spela på. Ho slo takten medan resten av toget song.

Read more
Read more

Fresvik-bygda opplevde natt til 11. september 1982 den verste flaumen sidan 1938 då Fresvik-elva gjekk flaumtung og gjorde store skadar. Flaumvatnet raserte idrettsplassen og gjorde store skadar på industriområda ved Fresvik Produkt. Oppe i dalen vart fleire bruer sopte vekk av den flaumstore elva.