Sidemeny+
Read more

Mange av dei gamle stigane og råsene i skog, fjell og mark er i ferd med å bli viska ut. Med dette forsvinn noko av den lokale kulturhistoria vår. Ved hjelp av moderne teknologi er det likevel råd å ta vare på desse minnesmerka før dei blir borte for godt. GPS og sporlogg er veleigna reiskapar til eit slikt føremål.

Read more
Read more

For dei lokale innbyggjarane i Måløy vart livet snudd på hovudet då tyskarane kom i 1940. Det var mange restriksjonar, og torgkaia vart avsperra med gjerde og piggtråd. Folk kunne ikkje ferdast fritt, og dersom Måløyværingane skulle ut av Måløy sentrum, måtte dei vise eit grensebuarbevis ved vaktpostane. Der var det også miner i veien, så ein måtte passe seg for kvar ein gjekk.

Read more
Read more

I tidlegare tider var det vanleg med kvernhus i alle bygder, og i første halvdel av førre hundreåret var det 23 kvernhus i drift på Nord Vågsøy. Dei best bevarte av desse husa finn vi i Kråkenes.

Read more
Read more

Skulle det hende at du kjem køyrande mot Osmundsvågen i Vågsøy, så ta av deg hatten og hels når du passerer ei kvitmåla trebud som breier seg mot Ulvesundet. Det er nemleg ein storheit du har truffe på. Med eit løyndomsfullt smil i dei havsalta kledningane, kan han fortelje deg om fagarbeid og kvardag gjennom meir enn hundre år, dersom du tek deg bryet med å stige over dørstokken.

Read more