


Internasjonalisering er eit satsingsområde ved Stryn vidaregåande skule. Skulen har Comenius-prosjekt tilknytta studiespesialisering, og Leonardo da Vinci prosjekt tilknytta yrkesfag. Byggfag har hatt eit 2-årig Leonardo-prosjekt der elevar frå skulen har vore utplasserte i ei bedrift i Spania, og er no igang med eit nytt prosjekt i Bulgaria.


Mange kjenner til at det er eit bjørnehi i Stryn, og plassen vert vitja av både barnehagar og skular i Stryn. Plassen ligg på eit høgdedrag nordaust for Øvrebergssetra, omlag 1 km vest for Tonningssetra. Store steinar som ligg att frå issmeltinga frå tidlige isbrear, har laga ei stor hole med opning i begge kantar. Naturen og historia som høyrer til staden, gjer at Hidehogen er eit ynda turmål for barnehagar og skular i Stryn kommune.




