










Det var ekstra stor oppslutning om17. mai i 1905. Mange stader vart dette markert på ulikt vis. Vi kjenner ikkje til korleis dette vart gjort i Selje. 7 . juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget?






I 1654 vart kyrkja flytta frå Selja inn til fastlandet. Det var på grunn av at ein båt med kyrkjefolk forliste og alle drukna. Det var også vanskeleg å legge til med båt på Bø, den staden kyrkja låg ute på Selja.Selja fekk ei av dei første kyrkjene i heile Noreg etter at Kong Olav Tryggvason i år 996 gjorde Selja til helgenstad. Kyrkja han let byggje under hellaren på Selja var også den første sognekyrkja. Seinere stod soknekyrkja på Bø, på innsida av øya, før ho vart flytta til fastlandet.

























