På Eitorn skule gjekk borna frå Eitorngrenda og Hella på skule. Det gamle skulehuset vart sett opp ca 1880 og står framleis i dag. Skulehuset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset gitt til Eitorn grendalag som har restaurert huset.
Leikanger kyrkje er frå kring 1250 og er ei av dei eldre steinkyrkjene i landet. Kyrkja inneheld altertavle, døypefont og preikestol som kan brukast som læremiddel i matematikk. I denne artikkelen skal me sjå nærare på preikestolen i kyrkja og korleis den kan koplast til undervisninga. Du kan lesa meir om preikestolen. Eg lagar denne artikkelen som eit tips om bruk av nærmiljøet i undervisninga.
Barnehagane i Leikanger har hatt fokus på mat og helse dei siste åra. Dette året er satsinga fisk og opplegget har vore felles for alle kommunale barnehagar. Det er dei eldste borna (femåringane) som har delteke i arbeidet. Den viktigaste samarbeidspartnaren har vore Jakt og Fiskelaget og fylkessatsinga Fiskesprell.
Denne artikkelen har eg skrive for opplæringa av studentar på studiet Ikt i barnehagen. Eg tykkjer at barnehagane i Leikanger har ei fin utstilling av peparkakehusa i biliotekvindaugaet. Eg tok nokre bilete frå vindauget, redigerte dei litt, laga ein liten photostory og ein videosnutt. Slik håpar eg at studentane vil læra å bruka geoatlas.
I 2005 tok Egil Johannes Vangsnes initiativ til Sognefjordrennet. Biletet viser ein viser telemarksløpar i den siste reipelykkja med flott utsyn til Sognefjorden.Etterpå kasta han seg ut i den siste bratte bakken som fører mot målområdet i Oreveitane. Frå Kjeringi har løparen køyrt med Henjaveiti på venstre side og kryssa veiti i målområdet. Du kan sjå løypa med bileta frå Fagreggi til Oreveitane som år i eit litt anna terreng enn Kjeringi Open
Lauving er eit tema frå bygda og omhandlar samhandlinga mellom menneske og natur. Biletet til høgre viser kommunevåpenet til Vik som inneheld tre lauvknivar. Lauvkniven eller snidelen er ein reidskap til å henta lauv som for til husdyra. Det vil vera naturleg at bygdeskular i område med rike lauvingstradisjonar tek opp dette i undervisninga. Alle bileta forutan kommunevåpenet til Vik, er frå Leikanger.
I Leikanger har det vore brukt kunstig vatning frå fjellveitene. Fjellveitene er ein del av den lokale kulturarven i Leikanger. Den illustrerer vatn som ein ressurs og grunnlag for eit meir effektivt jordbruk. Dette starta i 1860 – åra. Lærarane ved Leikanger ungdomsskule ønskte at elevane skulle verta kjende med denne kulturen. Eg gjekk difor «veitaturar» med 10. klassingane i 2005 og 2006.
Biletet viser vasshjulet slik det vart funne i nærområdet til Leikanger barneskule. Vasshjulet dreiv slipesteinen som bøndene brukte til å slipa bruksutstyr som ljå og øks. Vatnet vart teke frå Henjaelvi og leia inn i ei grov som dreiv vasshjulet og slipesteinen. Området ved Henjaelvi vart i daglegtale omtala som Slipesteinane.