Sidemeny+
Read more

Nikolai Astrup Frå Mo og Jølster vidaregåande skule er det ikkje langt til Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet. Ein gong eit brattlendt småbruk men i dag tatt i bruk som museum, kalla etter Nikolai Astrup (1880-1928), ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tallet. Han kjøpte småbruket på Sandalstrand i 1912 for å busette seg der med sin familie. Det var der han også hadde atelieret sitt. Han skildra som oftast naturen med hovudvekt på sitt nærområde. I heimbygdene (mellom anna Sunde og Ålhus) fann Astrup motiv og inspirasjon til sine naivistiske og sterk ekspressive bilete.

Read more
Read more

Bensen-tunet

16. nov 2005 by

Bensen-tunet på Ålhus går heilt tilbake til 1600-talet. Tunet består av seks hus, den eldste bygningen er fjøsen som er 300 år. På initiativ frå målar Nikolai Astrup vart tunet freda i 1923. I dag er tunet arena for sogespelet om Audun Hugleikson.

Read more
Read more

Det har ikkje vore drift på Flugestøylen på Jølster sidan midten av 1950,-talet men støylen er ikkje gløymd av den grunn. Det er framleis aktivitet der, året rundt. Jølster Ungdomslag arrangerte to år på rad jonsokfeiring på Støylen, og det er naturleg nok ein svært populær stad for turgåarar og naturelskarar.

Read more
Read more

I dag er det liten aktivitet på Bolsetstølen, men tidligare var det ein vakker støl med mykje liv. Stølsdrifta vart halde i hevd heilt til 1948, og då hadde stølen lege på same plassen i fleire hundre år. På det meste var det fem bruk som nytta Bolsetstølen og så mykje som 25 kyr beita der.

Read more
Read more

Når fjellvegen tek slutt, kan vi stige ut og kjenne den kalde og klare fjellufta slå mot oss. Eit stykke lenger oppe i dalen kan vi skimte ei hyttegrend som står der og ynskjer oss velkomne. Vi tar beina fatt, og følgjer turleiar, Signe B. Gjesdal. – Turen tek berre ein halv time, seier ho ivrig og legg avgarde.

Read more
Read more

Det har vore mykje aktivitet og liv på Gjesdalsstølen gjennom tidene, bortsett frå ein periode etter 1950-åra då støylsdrifta vart lagt ned. I dag er stølen, som ligg åtte kilometer frå Vassenden, ein populær utfartsstad.

Read more