


Noko av det verste mange vaksne kan tenkje seg, er å stå framfor eit publikum og skulle framføre noko, om det er ein tale eller det å halde eit føredrag. Men for dagens barn og unge bør det bli annleis, i og med at dei får øve seg på å halde presentasjonar like frå tredje klasse.



«Elevene er mer motiverte for skolearbeid når de kan bruke datamaskin», sier universitetslektor Cornelia Brodahl. «Å innføre datamaskiner på skolen har ødelagt skolehverdagen vår», sier vgs-elev Håkon i BTbatt. Begge deler kan umulig være riktig. Lærer elevene egentlig bedre med å bruke digitale medier?

Frå Hyllestad til månen, – og attende igjen
Visste du at vi jordbuarar berre ser den eine sida av månen? Eller at Jupiter er ein gigantisk planet som består av mykje giftig gass, og at du aldri vil finne ei flate å lande på? Dette, og mykje meir, veit i alle fall 2. klasse på Hyllestad Skule.

«Du veit mykje, du Arvid,» ymta eg frampå. «Ja, hugs no på at då eg voks opp, sat me med talgljos og parafinlampe i kveldsstunda.»
«Veit du om det er sant ?» spurde eg forsiktig. «Eg fekk det no fortalt slik, og hugsar det slik, og foreldra og besteforeldra mine var flinke forteljarar.»



I kring seks år har arbeid med Geoatlas vore ein del av «livet» og skuledagen for mange klassar ved Hyllestad skule. Engasjementet og innsats har gått litt opp og ned; nokre grupper har vore heilt hekta på aktiviteten medan andre har vore meir nølande til aktuelle oppdrag. Likevel-det inntrykk som har festa seg, er alle dei positive tilbakemeldingar frå elevar og lokalsamfunnet på prosjekt vi har gjennomført, og utsegn om kor viktig og nyttig lærdom og informasjon vi har dokumentert gjennom skrift og bilete.

I læreverket for Kunnskapsløftet er det utarbeidd føremål og retningsliner for utdanningsval som gjeld frå og med skuleåret 2008/2009. Med dette som utgangspunkt har Hyllestad skule utarbeidd ein førebels plan for faget der eit av tiltaka/deltema er 4 dagars hospitering ved vidaregåande skule. Dette tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Dale vidaregåande skule og grunnskulane i HAFS-regionen, og med utgangspunkt i positive tilbakemeldingar frå liknande opplegg i dei to siste skuleåra, har dei same skulane satsa på liknande opplegg for inneverande skuleår, men med dei endringar at vi prioriterer to utdanningsområde. 3 dagar på første valet og ein dag på andre valet.

Ein trend i tida og i tråd med Kunnskapsløftet er det å leggje undervisninga til uteområde. Dette må vere midt i blinken for naturfagundervisninga. På Hyllestad skule har vi no eit slikt uteklasserom, og der er det også reist eit stort telt slik at området kan brukast både i sol og regn, og både sommar og vinter.

Det for lengst nedlagde skulehuset i Sætevika har si spesielle soge. Fram til 1925 var det skulehus i Byrkjeland krins der både Ole Bendiksen Løland og Brita Skeide let borna få del i «nødtørftig kunnskab». Men då den nye Åfjorden skulekrins etter mykje strid og intriger fekk sitt prektige og tilhøvelege skulehus i 1925, vart det i januar det året fatta slikt vedtak:
«Når heradet har betalt ut Birkeland skolehus,som står ledig etter at krinsskipnaden er sett i verk, vil skolestyret råde til at dette huset snarest vert flytta til ein krins som ikkje har skolehus t.d. Kolgrov-Sognnes eller Storaker Krinsar eller um heradet kan finne det best å selge huset.»



Våren 1865 vart det funne over 90 utanlandske myntar i Hyllestad, storparten på garden Gjerde. Det var ikkje uvanleg med bytehandel i vikingtida, men truleg vart også reie pengar og edelt metall nytta. Myntfunnet på garden Gjerde kan vere døme på det, og er knytt opp mot kvernsteinhandelen. Det skal vere det største myntfunnet frå vikingtida mellom Rogaland og Møre.

Borgny Hatlem voks opp på garden Straumsneset i Lifjorden. Denne garden Ligg ved austre Listraumen og dei måtte i båt for å koma seg over til Risnes med butikk, post og dampskipskai. I samband med fredsjubileet i 1995 vart ho intervjua av barnebarnet sitt, Stian Hatlem, om opplevingane sine under andre verdskrigen

Det er vår, og det byrjar å krible i blodet til fiskaren. No skal ikkje makrellen vere langt unna. Nota er komen i båten, og kvar kveld og morgon går han ut på høgste haugen for å sjå om han får auge på dei første strelingane i sjøflata. Han veit godt om dei beste kastevikane og vågane. Spenninga stig dag for dag.

«Den 7.april 1945 var ein vakker vårdag, og inst i Vadheimsfjorden hadde fire tyske fartøy ankra opp. Eit alliert speidarfly oppdaga båtane, og frå basar i Storbritannia vart 21 Beaufighter jagarbombefly, eskortert av Mustang jagarfly, sende mot Vadheim. Ut på ettermiddagen startar angrepet og ein av båtane vert treft av fleire rakettar, og forliser. På Herdla går alarmen, og tyske jagarfly frå 9. Staffel går på vengene. Fire Mustang-fly ligg som sikring i ytre deler av Sognefjorden, og klokka 16.40 oppstår det over området Hyllestad-Lavikdal ein luftkamp mellom allierte Mustang og tyske Focke Wulf jagarfly.»




Mary Rye, f. Bjørnestad, vart født i Lexington i USA 31.12.1898. Ho kom til Noreg saman med foreldra og storebroen då ho var 9 månader gammal. Dei flytte tilbake til Skifjorden der faren hennar kom frå. Seinare fekk ho to brør til.
Fordi faren vart sjuk, busette familen seg på Bjørnestad i Noreg. Dei hadde seinare tenkt å flytte tilbake til Amerika, men dette vart det aldri noko av.


Skal du kome til Kolgrov, må du køyre Rv 608 mot Hyllestad og ta av i vegkrysset der skilt viser veg. Her oppe er det vidt utsyn då gardstuna ligg kring 200 meter over havet. Tydinga av gardsnamnet er uviss, men lite tyder på at det har noko med trekol å gjere. Men gardsbruk har her vore i hundrevis av år, og no skal du få høyre litt om kvernhusa på garden.



Artikkelen som her følgjer,, fann vi i skuleavisa Gygrekjeften nr. 4 frå juni 1994.Her intervjuar Åge Avedal bestear sin, Johannes Bråstad.
Når ein sluttar i jobb, og vert pensjonist, er det ikkje alltid så mykje å finne på.
Om ein ikkje finn seg ein hobby då, slik som Johannes Bråstad har, han er ein av dei få garnfiskarane som er att av i kommunen. Kvar kveld og morgon reiser han ut med Etna, ein Viksund 770 båt. Sjølv om ikkje fiskelykka alltid er stor vil Johannes ikkje slutte med dette.
-Så lenge eg er frisk, har helse til det, og om ikkje været er alt for gale, er glad om eg får meg ein tur på sjøen, seier den 74 år gamle sjømannen.

Dei siste tiåra har det vorte slik for kystbonden og andre som bur nær sjøen og kan nyttiggjere seg ressursane som der finst,at nesten same kva du gjer, så gjer du noko gale – bryt ei eller anna lov eller forskrift.
Har du merkt garna dine? Kor tungt søkkje og kor mange anglar har du på dorga? Veit du ikkje at området er freda? Du har ikkje registreringsnummer på båten din! Kva ligg redningsvestane?
Det er ikkje å undrast over at dei som er glade i kysten og heimstaden sin, vert noko fortvila når dei vert kalla miljøkriminelle for nesten uansett kva dei gjer.
Uroa og fortvilinga til folket på Vestlandskysten og i Fjordafylket fekk meg til å skrive ned følgjande strofer.

Mange fjelltrimmarar vert ofte gåande på dei same toppane; dei har liksom funne sine stiar og strekkjer. Greit nok det; dei fleste av oss likar å ferdast i naturen, og naturen er der du er, men vågar du trø på litt ukjende stiar, vil du oppdage at sanneleg finst det fine stader utanom dine favorittoppar også. Templane på Lavikdalen er ein slik stad.


I gamle dagar var det mykje kaldare, og tjørna og vatna fraus fortare. Slik Salbutjørna låg,var ho ei svært populær tjørn. Vinteren gjennom var det alltid folk som stod på skeiser og konkurrerte i skeiseløp.Men det var ikkje berre skeiser tjørna vart kjend for. Folk pleidde å skjere ut isblokker for å halde fisken som skulle sendast til Bergen, kald og fersk.


Torsdag 18. oktober 2007 tok halve 8. klasse ved Hyllestad skule ein kort ekskursjon til Myklebustneset. Elevane var på førehand delt inn i små team som fekk konkrete oppgåver å løyse. Føremålet med turen var å lære seg framferd i naturen, og førebu seg slik at ver og vind ikkje dempa gleda av å kunne vere ute i litt haustleg ver.


Hugsar du den gongen då …… ? Desse orda er ofte utgangspunktet for mange interessante og viktige samtalar og drøftingar. Men det kan ofte vere vanskeleg å hugse heilt nøyaktig, men vanlegvis er kan du, meir eller mindre enkelt, leite deg tilbake til det som er rett.
Nyttårsorkanen på byrjinga av nittitalet gløymer vi ikkje lett. Det var då hustak flaksa, og hundreårgamle tuntre vart knekte som fyrstikker. Men her skal du få ei påminning om siste stormfloda og siste storflaumen.




Sentrum IL vart skipa 4. februar 1950. Det gjekk heile 25 år før laget hadde idrettsanlegg dei kunne nytta. I mellomtida måtte utøvarane greie seg med dei arenaer som fanst i naturen: skog, myrar, sletter og toppar til o-laup, terrenglaup, terrengstafettar og skiløyper. Toppar til fjelltrim, vatn og sjø til symjing og skeiselaup.

Også til Hesjetinden fører mange stiar. Utgangspunktete kan vere Hyllestad eller Sæsol, Sætre eller Berge eller Systaddalen. Vår tur startar i Mørketjønnbotnen på Øverås. Det er ein tur utan dei brattaste kneikane, men opplevingsrik likevel der stien buktar seg fram i småkupert og helst ope terreng.



Heggetjørna set dei fleste først og fremst i samband med ungdomslagshytta Stølsheim.. Fleire stiar fører dit, og her vil vi orientere litt om vegvalet dersom du startar frå Lonebakkane om lag ein kilometer ovafor brua på Indre Løland ved riksvegen mot Lavik. Her finn du ein rest av gamlevegen som er fin å parkere på, og ei god bru i betong tek deg trygt over elva.

I 2002 vart Leirvik skule nedlagd og etter det nytta som barnehage. Det tok nokre år før det vart rydda ut or alle rom, skuffer og skåp. På loftet som tidlegare vart nytta som elevinternat og seinare som handarbeidsrom, låg det ein modell av ein hovudskalle i ei pappøskje. Som lærar gjennom mange år i kommunen sette eg denne i samband med ein tekst eg for fleire tiår sidan hadde lese i skulebladet «Heim og Skule». Høyr no berre her !