Sidemeny+
Read more

Hjetland barnehage i Høyanger deltok i haust på FORUT sin landsdekkande barneaksjon: "Omis får nye venner". I det daglege arbeidet med barna snakkar vi om å vere gode med kvarandre. I tillegg oppfordrar vi dei til å hjelpe kvarandre. Vi ønskjer å lære barna å bry seg om andre og vere med å hjelpe andre som har det vanskeleg. Omsorg og empati er viktige verdiar i eit samfunn. Høyanger er som mange andre tettstader blitt eit samfunn med eit stort kulturelt mangfald. Tidlegare har vi sett at folk i Høyanger kommune har lang gjevartradisjon i ulike innsamlingsaksjonar. Dette såg vi igjen i barnehagen når vi var med på Forut sin barneaksjon.
 

Read more
Read more

Eventyr.
Norske folkeeventyr er forteljingar som vart formidla munnleg frå generasjon til generasjon. Eventyr er fri dikting som ikkje er sant.

I tråd med rammeplanen sitt fagområde Kommunikasjon, språk og tekst, har vi valt å arbeide med temaet eventyr i barnehagen. Vi valte å fordjupe oss i eventyret Askeladden som kappåt med trollet. Arbeidet med eventyret enda ut i ein tur til Trollskogen.

Read more
Read more

 

I Olderdalen barnehage er vi glad i å vere ute i all slags ver. Vi har eit stort uteområde som utfordrar til leik. For nokre år sidan begynte vi å male huskestativ, gjerde ved skliene og ei dukkehytte i ulike fargar for å skape meir liv i uteplassen. Deriblant mala vi og borga vår i same farge som barnehagen, raud og gul.  

Read more
Read more

Olderdalen barnehage i Høyanger har saman med dei andre barnehagane i kommunen hatt eit auka fokus på sunt kosthald dei siste åra. Dette er i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer for mat og måltider i barnehagen, som har vore ein god veiledar og eit viktig utgangspunkt. Vi har gjort enkle endringar i det kvardagslege kosthaldet, samtidig som vi ynskjer å presentere meir fisk på menyen.

Read more
Read more

I 1739 fekk vi den første norske skulelova som hadde som mål at alle born skulle læra å lese, skrive og rekne. Undervisninga gjekk føre seg på omgangsskule, og i Kyrkjebø krins som Høyanger høyrde til var det seks slike krinsar. Etterkvart vart det bygd fastskular kring i soknet, og i Høyanger fekk fastskule i 1898.

Read more
Read more

Heilt sidan 1200-talet har det stått kyrkjer på Kyrkjebø. Den første stod på Austreim, men rundt reformasjonen vart det bygd ei ny på Kyrkjebø. Kyrkja i dag er frå 1869.  Mange måtte i båt når dei skulle til kyrkje. Det var ikkje heilt ufarleg.

Read more
Read more

I Høyanger kommune, nærare bestemt på sørsida av Høyangerfjellet, ligg ei fortryllande perle som snart vert utsett for kommersiell drift. For snart tre år sidan vart det innvilga konsesjon for BBK til å byggje kraftverk i elva. Den elva som eg var med mormora mi og skylte klede i for berre nokre år sidan, og som gjer vatn til alle frukttrea som veks på Elveneset.

Read more
Read more

Høyanger har gjennom mange år vore ei solid industribygd. Bedriftene Hydro, Statkraft og Fundo godt etablerte og har hatt store påverknadar på bygda både økonomisk og sosialt. Høyanger er med åra blitt ein veletablert industribygd, som har med tida utvikla seg til å bli meir enn bare ei industribygd. Etableringane av dei større industribedriftene har vert til god hjelp for andre mindre bedrifter som for eksempel Per A. Øren, YIT, VIBE og liknande til å etablere sine bedrifter. Statkraft, som er ein av dei større bedriftene, har fått ei svært sentral rolle i denne bygda og forsyner dei store bedriftene som for eksempel Hydro med energi. Dette er ein svært viktig jobb, som sørgjer for at Hydro er oppe og går til ei kvar tid.

Read more
Read more

Tettstaden Høyanger har oppimot dei siste hundre åra vorten kjend som industristaden Høyanger. Midt på kaia blant den ville naturen i Ytre Sogn, etablerte det seg eit moderne metallverk som skulle sikre liv i den vetle bygda. Verket dreiv gjennom heile mellomkrigstida med sikte på kraftkrevjande industri og driv fortsatt i desse dagar som ei sterk bedrift og leverandør av aluminium. Vi har intervjua far og son som begge har arbeida heile karrieren si på metallverket. < ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />

Korleis var/er ein vanleg arbeidsdag på metallverket i Høyanger?
Korleis har arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene endra seg gjennom tid?
Dette vil vi prøve å gi deg eit innblikk i gjennom teksten
.

Read more
Read more

Det er over 200 år sidan den industrielle revolusjonen tok til i England. Den førte til omfattande endringar i jordbruk, samferdsle og industri. Det medførte eit arbeidsliv og samfunn i sterk endring. I Noreg har me særleg vore vitne til det dei siste hundre åra. Bli med og fortel om endringar i arbeidslivet i ditt nærmiljø.

Read more