






Wergeland Halsvik vart opprinneleg starta av Trygve Wergeland (fødd 14. mars 1909, død 29.mai 1979) i 1929 då han kom heim frå Calgary, Canada. I Canada opplevde han depresjonstida. Hardt, målretta arbeid og fantasi var nok til å overleve dei tøffaste forhalda. Han reiste derfor attende til Noreg og Steine. Der var forholda svært dårlege.





Losjen er ein del av IOGT som står for International Organisation of Good Temlars (Godtemplarordenen). På Dalsøyra var det to losjar. Barnelosjen heitte Bløming og den vaksne losjen Me Vil. Møta vart haldne i klasseromma på gamleskulen. Barnelosjen hadde møte på søndagar ein gong i månaden.









Henkabua er ein institusjon på Byrknes, eit bygg som har gått inn i historia. Her har det vore sildesalting, størjemottak, oljesal og ikkje minst ein sosial samlingsplass for byrknesingane. Til å begynne med blei kaia og bua kalla for »Larskaia» og »Larsbua» etter han som bygde ho, Lars. Etter kvart overtok sonen Henrik Larsen drifta, og etter at Lars døydde begynte bygdefolket å kalle det for »Henkakaia» og »Henkabua». Henrik dreiv bygget fram til han døydde i 2003.

Ånneland er en øy i Ytre Gulen. I 1948 startet Laurits og Olav Ånneland et sagbruk der. Arbeidet på sagbruket ble utført i tillegg til et annet fast yrke. Til å begynne med gjorde de alt for hånd, – senere ble det meste automatisert De bygde også et ekstra bygg som gav bedre plass å jobbe på. Dette forsvant desverre i en storm på 1980-tallet. Sagbruket er i dag nedlagt.

I utmarka på Byrknes står det no fleire, gamle småbygg av stein. Desse blir lokalt kalla vårflorar. Ein vårflor er ein slags seter som vart brukt for mange år tilbake. Vårflorane vart brukt som sommarfjøs for å mjølke og ta vare på kyr i sommarhalvåret, då dyra var på beitet i utmarka.

Etter å ha returnert frå Amerika i 1915 starta Martin E. Birknes ein krabbefabrikk på Byrknes . Fabrikken gjekk godt og vaks. På det meste kunne det vere 60 arbeidarar der. Dette var folk frå Byrknes og øyene rundt. Produkta vart send til fleire utanlandske land. Bedrifta var på randen av konkurs i 2-3 år, men tok seg opp att og gjorde det veldig bra vidare.

Ånneland er en øy i Ytre Gulen. I 1948 startet Laurits og Olav Ånneland et sagbruk der. Arbeidet på sagbruket ble utført i tillegg til et annet fast yrke. Til å begynne med gjorde de alt for hånd, – senere ble det meste automatisert De bygde også et ekstra bygg som gav bedre plass å jobbe på. Dette forsvant desverre i en storm på 1980-tallet. Sagbruket er i dag nedlagt.

På slutten av 1800-talet var laksehyttene i skjergarden ein viktig ressurs for sjøfolk som dreiv med fiske utanfor øyane på Byrknes. Dei vart tekne i bruk som kvilepost når heimreisa vart for lang. Hyttene var små, og dei vart brukt mest om sommaren fordi dei var lite isolert. Etter 1940 vart dei ikkje brukte meir.



Kom dei første menneska til Noreg i ein båt laga av skinn og stokkar? I fylgje historeforskinga gjorde dei nett det. I denne artikkelen kan du lesa om korleis dei første menneska tilpassa seg dei enorme klimaendringa i Skandinavia etter den siste istida. Du vil også finna lenkjer til nettstader med gode animasjonar om livet i steinalderen.


Kystlyngheilandskapet har vore karakteristisk for naturen langs ytre delar av vestkysten. Landskapstypen vart skapt og drive i eit samspel mellom menneske og natur. Naturtypen har vore viktig for kystfolk frå Lofoten til Portugal i over 5000 år, men i dei siste 100-50 åra har landskapet endra seg radikalt.







Den 19.09.1979 var Austri på veg fra Trondheim via Svelgen til Polen med råjern. Båten gikk på land i 18 tiden på ettermiddagen. Av mannskapet på ni ble fire berget mens fem omkom. En av dem er fortsatt ikke funnet. Lokalbefolkningen på Byrknesøy hjalp til med varme tepper, husly, mat og kaffe til de som ble berget.



Sjøbua i Svanholmen , Byrknesøy, har i mange år gjort nytte i fiskeribransjen. Ho har i alle år vore ein del av inntektsgrunnlaget for folket i Svanholmen. No er sjøbua ombygd, og husar fiskeglade turistar frå inn- og utland, og er igjen blitt ein viktig del av inntektsgrunnlaget for folka i Svanholmen.
