Sidemeny+
Read more

Tredreparar (Cossidae)
Tredreparane er ein familie av middels store til svært store sommarfuglar. Larvane utviklar seg i veden på levande busker eller tre. Roger og Olav i 9. klasse ved Gloppen ungdomsskule, fann denne store larven på ca 10 cm her ein dag.

Read more
Read more

I sentrum av Nordfjordeid finn du den sjeldne og raudlista flikmelda. Miljøvernminister Erik Solheim sende for ei tid tilbake postkort til ordføraren i Eid kommune, og ba ho passe godt på denne sjeldne blomsten. Han veks i strandkanten i Nordøyrane. Merkeleg nok pågår det utfylling i dette området. Nok ein gong må våtmark på Eid vike plassen for steinmasser frå Lotetunellen.

Read more
Read more

Bie

29. mai 2009 by

Svært mange stader i landet kan ein finne bikuber, og sjølvsagt, ein heil masse med bier i og rundt dei. Biene er ikkje berre attraktive for at vi skal kunne skaffe honning, men også for bivoks og pollinering av dyrka plantar.

Read more
Read more

Det er i dei siste vekene blitt observert en liten sel rundt om i Gloppefjorden. Eg kom over han då han låg i snøen på elvebredden i Storelva innerst i Gloppefjorden. Selen var såleis innom Bukta fuglefredingsområde.

Read more
Read more

Det er stadig nye fuglearter å sjå i Bukta og i Selvågane no i haust. Fredag 7. november vart det observert ei ringgås utanfor Campingplassen i Bukta. Kanskje er dette fyrste observasjonen av denne fuglen, så langt inne i fjordane.Dette er nok ein fugl som er på trekk sørover, og som tykkjer Fuglefredingsområdet er ein grei plass å raste på

Read more
Read more

Grå flugesnappar er kjend for å legge reiret sitt på dei merkelegaste stadar. Inne i Jølet ved Nordfjord Folkemuseum har han halde til i mange år, men i år ville han kanskje vise for alle at han var der. Kanskje håpte han og på at traktoren med reiret på, vart køyrt vekk etter kvart som musikken frå Glopperock tiltok i styrke?

Read more
Read more

Våren 2008 oppdaga eg ei stokkand – stor, elegant and i strandsona på Naustdal i Eid kommune. Den lange stjerten og dei markerte fargane stadfesta at det var ein sjeldan gjest som heiter stjertand. Det var ein einsleg hann som kanskje var på trekk aust- eller nordover. Har ikkje høyrt om hekking av denne anda i Sogn og Fjordane, men kven veit? Kanskje finn stjertanda seg eit vatn i vierregionen i vårt fylke og, som ho likar og brukar som sin hekkeplass.

Read more
Read more

Alt i februar får denne buska blomar på bar kvist. Både blomst og bær er giftige; ja heile planten er faktisk giftig. Blomane lyser opp i ein heller grå hage om våren, og dei knall raude bæra om hausten friskar og opp i hagen. Fuglane tåler gifta i bæra og dei sprer bæra rundt i naturen, så ein kan finne tysbast utan for hagane og.

Read more
Read more

I Norge er grønnstilken knytta til bjørke- og vier-regionen i innlandet. Fuglen manglar i ytre strøk. I august 2007 vart han observert ved Kvevatnet i Lærdal. Globalt går arten sterkt tilbake i Danmark og fuglen er heilt borte frå Nederland og Polen. Den 10. mai 2011 vart det observert eit grønnstilkpar i Selvågane ved Sandane i Gloppen. Sigurd Eide og Vegard Hauge Haaland 10 A oppdaga den sjeldne vadaren. Svein Hjelmeset var medobservatør.

Read more
Read more

Innerst i Gloppefjorden finn vi ei langgrunn sandstrand som ligg utanfor ein idyllisk camingplass. I 1991 vart dette våtmarksområdet freda, mest med tanke på eit rikt fugleliv. Den totale fredinga førte til at grunneigarane mellom anna måtte
slutte å ta ut sand som Gloppeelva tok med seg og spreidde utover strandområdet.

Read more
Read more

Kvitkinngås hekkar langt mot nord og trekkjer sørover om hausten. I Gloppen har det i desse dagar vore eit eksemplar av denne fuglen på Mardal. Ola Johannes Mardal observerte fuglen, og såg med ein gong at det var ei ny art for vårt område. Denne gåsa er litt mindre enn den meir kjende kanadagåsa som hekkar i Gloppen. Storleiken og dei kvite kjakane til kvitkinngåsa gjer dei ulike.

Read more
Read more

Karnilstunet ligg på Hauge i Gloppen kommune. Ei stor gran på denne eigedomen har i mange år vore brukt som ei godt synleg julegran som folk i store delar av Sandaneområdet ser. I denne artikkelen set vi fokus på gravhaugen og almen som vi og finn på Karnilsbruket.

Read more
Read more

Stålorm

17. sep 2007 by

Ein finn kanskje ikkje stålorm i Sogn og Fjordane, men elles i Norge finn du han på Aust-og Sørlandet. Skulle han dukke opp i vårt fylke, er det greit å kjenne til han.

Read more
Read more

Frå Sjurhaugfossen og nokre kilometer nedover dalen går Lærdalselva gjennom fleire stryk der stupbratte fjellsider går rett i vatnet. Berre kunstige bruer og rekkverk av solide jernkonstruksjonar gjer det mogeleg å ta seg fram langs elva. Her kan ein drive spennande sportsfiske på høgt nivå. Mang ein storlaks er landa i dette området.

Read more
Read more

Fyrste veka i reinsjakta 2007, var det mykje rein i området rundt Kvevotni. Fram til laurdag har veret vore framifrå i høgfjellet. I tillegg til jakta og litt fiske, var det klasse over sjølve naturopplevinga

Read more
Read more

Raudrev er det mest vanlege rovdyret i reveslekta. Utanom dei nordiske landa finn du han over større delar av Nord-Amerika, og litt i Afrika. Han finst i Australia og, men ikkje naturleg. I Norge er det skrive og fortalt mange historier om den slu reven, som til og med har lurt bamse brakar til å drive isfiske med halen. Etter denne episoden har bjørnen hatt kort hale.

Read more
Read more

Her i Gloppen er framleis vipa eit sikkert vårteikn, sjølv om vipeflokkane som trekkjer hit stadig er blitt mindre. Ja, vipa er nok ei truga art. Kanskje kan andre slektningar av vipa, for eksempel sporevipa, dukke opp ein gong her i vårt nærmiljø? Her vil du få vite litt meir om den fuglen, både i bilde og ord.
 

Read more
Read more

Isfugl vert av og til observert på Austlandet. Her på våre kantar er kanskje ikkje denne fuglen registrert enno, men etter kvart som klimaet endrar seg, kan ein vere på utkikk etter nye arter. I sommar vart han forresten observert i Lærdal. Fuglen er sky, så det er ikkje så godt å kome innpå han. Bilda du får sjå her, er tekne i Izmirområdet i Tyrkia.
 

Read more
Read more

Ikkje heilt vanleg gjest i Gloppen. Seint søndag kveld fekk eg melding om ei spesiell gås som var observert i på Nordstranda. Det var relativt greit å finne fuglen, som spankulerte på elvekanten ved SFE i Bukta fuglefredingsområde.

Read more