


"Mitt Førde Framover" er eit glimt inn i eit prosjekt som handlar om å styrke og utvikle lokalsamfunn – i dette tilfellet Førde. Kortfilmen handlar om å finne skattar i eige lokalsamfunn og søke å styrke identitet og profil gjennom å engasjere innbyggarar frå ulike yrke og miljø.

I september 2009, sto ein ny bygning ferdig mellom Sunnfjord folkehøgskule og Solvang barnehage.(Dette bygget erstatta garasjar, som elevane hadde syklane i og barnehagen hadde lager plass. I tillegg har det gitt elevane på folkehøgskulen og barna i barnehagen eit uterom for aktivitetar.

Tradisjonen med adventskalender oppstod tidlig på 1900-tallet som dekorerte papplater med nummererte luker med små bilete eller gåver bak. Seinare vart det luker med små plastfigurar eller små sjokolader. Det har vore ei utvikling av adventskalendaren dei siste åra der det er vorte større og større gåver i kalenderen til barna. I dagens samfunn får barn mykje, det skapar ei forventning om å få meir og meir, kjøpepresset vert større og større. Dette presset har auka også når det gjeld gåver i adventskalendaren.

Jula er ei kristen høgtid til minne om Jesu fødsel, men jula er prega av stress og kjøpepress. Jul var opprinnelig eit fellesnordisk namn på den norrøne midtvintersfesten, jólablot, som blei markert omkring vintersolverv. Med innføringa av kristendommen blei jul ei høgtid til minne om Jesu fødsel. I dagens samfunn ser vi at jula i stor grad blir prega av kjøpepress og stress. Julevarene vert sett fram i butikkane allereie i oktober, noko som påverkar at juleførebuinga begynne stadig tidlegare.

På avdeling Indigo i Solsida barnehage er eit av måla for det pedagogiske arbeidet at ungane skal verte trygge i vatn. Kvar veke reiser ei gruppe på 6-7 barn og 2 vaksne på bading i symjehallen på Førdehuset.





I 1965 vart Eid, Sogndal og Førde utpeika som vekstsenter. For Førde sin del gav vekstsentervedtaket ei rekke etableringar av både industri og offentlege arbeidsplassar. I starten var veksten i Førde langt på veg ein politisk styrt vekst, men den leia fram til at Førde vart eit naturleg sentrum i fylket og ein tettstad som vaks av eiga tyngde.


Noreg var i den siste halvdelen av det 19. hundreåret prega av ei veksande industriverksemd, samstundes som utbygginga av kommunikasjonane knytte folk og landsdelar tettare saman. Dette var med å påverke utviklinga av dei ulike næringane, særskilt det tradisjonelle jordbruket. Vegar, dampskipstrafikk og turisme kom til å prege Førde mellom 1860 og 1900.





Etter privat initiativ og personleg innsats av Jørgen Neverdahl kom Førde Metallfagskule i gang i 1935 med 14 elevar. I dag er vidareføringa, Øyrane videregåande skule, ein skule med 6 programområde, 390 elevar og 120 tilsette


Eit tidleg vårteikn ved skulen er svanene som kjem når isen er i ferd med å gå opp. Dei forlet oss før sommaren er her. Ulike tre og blomstrar er med og pregar våren. Padder og rumpetroll er eit viktig innslag når våren gjer sitt inntog.Dei får stor merksemd – slik også i denne artikkelen

Slåtten skule ligg i dag på ein stad der det tidlegare vart driven ein gard. På garden Slåtten var det som på dei fleste gardane mange stadsnamn. Klasse 4a jobba hausten 2007 med å interpretere desse namna og historiene bak. Prosjektet var eit entreprenørskapsprosjekt som hadde som mål å auke elevane sin lokalkunnskap om nærområdet sitt.


Rydd et kulturminne!
Dei eldste elevane ved Angedalen skule har i haust merka og tilrettelagt eit kulturminne som vi før har laga artikkel om på Geoatlas,- «Ruglesteinen»
Ryddeaksjonen er ei satsing i regi av «Norsk kulturarv»





«Ruglesteinen» er eit kjent omgrep i Angedalen. Mange er dei som har vore oppå den og laga musikk for folket på gardane på andre sida av dalen. For dei som gjekk til støyls, var det vanleg å ta seg ein tur oppå steinen for å rugle. Steinen ligg om lag 100 m. frå den nye vegen til Ramstadstøylen og det tek om lag ein halv time å gå dei 2.1 kilometrane frå Rygjabrua ved fylkesvegen.



Gjennom generasjonar, i mange hundre år, har Skarsteinen vore utsiktspunkt og samlingsstad for all gjeting i dalføret mellom Angedal-gardane og Flugestølen i Jølster. Frå denne steinen, som ligg på eit høgdedrag på Angedalssida, hadde gjetarane full oversikt over heile beiteområdet sitt.