Sidemeny+
Read more

Nøtteskogen

27. nov 2009 by

Ei kort skildring av eit populært naturområde i Stårheim barnehage. Stårheim barnehage ligg fint plassert i eit bustadfelt på Myrold. Før barnehagen vart bygd, var dette området prega av dyrka mark og skog/beitemark. Det vart teke vare på delar av skogen, og om lag 1/4 av uteområdet er skog slik den har vore i alle år.

Read more
Read more

I skogen på Løkja i Eid kommune ligg det ein stor stein. Til denne steinen er det knytt ei segn. Denne fortel om kvinna Sefru som fekk eit tungt liv, men vart trøysta av fristaden sin Sefrusteinen.

Read more
Read more

På Lund står ei stor eik, som er fleire hundre år gamal. Eika sin stamme har ein omkrins på 5,5 meter, målt ein meter over bakken. Eika vart tidlegare brukt til landemerke for båtar som gjekk på Nordfjorden. No står Reksnes fyr på Kvieneset.

Read more
Read more

Dei fleste historikarar reknar med at der var ei stormannsætt som rådde på Naustdal i Eid – og ikkje i Naustdal i Sunnfjord. Dette var på Harald Hårfagre si tid. Vemund frå denne ætta var konge over Firdafylket i 870.

Read more
Read more

Gravhaugane på Nordfjordeid har gjeve oss mange svar og opplysningar om korleis ein levde her i vikingtida. Like ved Eidsgata ligg det ein godt synleg gravhaug som vert kalla Rundehågen. I denne gravhaugen vart det i 1874 funne restar etter eit vikingskip og eit menneske. Både skipet og mennesket var brent. Lokalt vert gravhaugen kalla «Rundehogjen».

Read more
Read more

I gamle dagar var her mykje hjort etter det dei fortalde dei gamle.
Som nemnt var det tett med hjort her i gamle dage men så kom det ein tidebolk med tilgong av gråbein (ulv). Bjørnen og var lei å drepe før då her var mykje av den.

Read more
Read more

Dua

28. okt 2003 by

Due-eggja, den særmerke fjell ryggen på grensa mellom Sunnmøre og nordfjord, er ikkje berre som ein merkjestein mellom to fylke, i alle fall ikkje i medvitet til dei som bur i nærleiken. Dua, som er namnet i daglegtalen, har også vore valplass for mindre fredlege oppgjer mellom sunnmøringar og nordfjordingar…

Read more
Read more

Det virka fornuftig å starta opp lengst nord i fylket vårt.
Me startar på garden Duestøylen på sunnmøre. Skogsvegen er god og lett å følgja og kallast for Dueråsa.
Vegen går vest om Duestøylnakken, forbi Storesteinane og gjennom Duelegene…

Read more
Read more

På Midthjell stod det før eit stort steinkors, men det vart i 1831 etter påbod frå biskop Neumann gjeve til Bergens museum, der det no er å finna. Det stod i sjøen nedanfor garden ,og var berre synleg i fjøre sjø, då steig det av sjøen tildekt med tang og tare. Etter segna stod det før høgare opp i bakken, og der hadde det stått i uminnelege tider. Men så var det fortalt at det eingong budde ein fut på garden vesle-Davik, der det heiter Frimannslund, på den andre sida av fjorden. Han sette seg føre at han ville ha dette minnesmerket heime hjå seg…

Read more