Sidemeny+
Read more

For 50 år sidan planta Evald Knutsen grantre Trea har han no lafta til kvernhus

I Einungrane har ein tradisjon med å dra nytte av vasskrafta. Då Evald og Kjellaug flytte til Einungrane i 1972 var det berre spor att av dette. Noko er vorte gjort og meir skal gjerast.

Read more
Read more

På ein tur i Liamarka i Aurland hausten 2008 vart eg kjend med eit kulturminne. I det ulendte terrenget mellom gardane Li og Otternes går det ei rekkje renner i skogen; somme av dei heilt ned til fjorden eller no, E16. 

Read more
Read more

Aurlandsskoen har vorte produsert i over hundre år, og dette har sett spor i aurlandssamfunnet på fleire ulike områder. Som handtverkstradisjon, sysselsetning, skatteinntekter til kommunen og ikkje minst som tradisjonsoverførar frå generasjon til generasjon, har skoen bidrege til at han i desse dagar er komen på museum.

Read more
Read more

Flåm kyrkje

22. nov 2009 by

Middelalderkyrkja i Flåm vart bygd i 1667. Kyrkja er ei langkyrkje i tre med 160 sitjeplassar. Sagnet om huldrene fortel kvifor kyrkja ligg nede på garden Flåm.

 

Read more
Read more

Levande bygdetun

20. nov 2009 by

 På austsida av Aurlandsfjorden, midtvegs mellom Aurland og Flåm, ligg garden Otternes. Vel 100 meter over havet, med fritt utsyn til fjorden og fjella rundt, ligg husa frå 17 og 1800-talet som perler på ei snor. Til vanleg er det stilt og roleg i det gamle bygdetunet, men kvar vår yrer det av liv. Då er bygningane skulestove for 8.klasse på Aurland barne- og ungdomsskule i heile 3 veker til endes. Deretter tek turistane over, før tunet atter fell til ro og det vert haust og vinter.

Read more
Read more

Den 1.juli 2009 opna dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete ”Econ museum nortern Europe” (ECO)   for aurlandsskoen i lokala til Aurland skofabrikk. Grunntanken i dette museum eller visningssenteret er, at ein skal kombinere både det kulturelle aspektet ved aurlandsskoen, og aktivt drive produksjon av skoen. Aurland og Flåm har lang tradisjon i produksjon av skoen noko som tek oss over hundre år tilbake i tida.

Read more
Read more

Sommaren tek til og nærma seg. Dagane vert lengre og lysare. Aurland tek så smått til og vakna frå vinterdvalen. Næringslivet og innbyggjarane tek til å klargjera seg til nok ein sommar med eit yrande turistliv.

Read more
Read more

Per Sivle vart fødd i Flåm 6. april 1857. Sivlebiblioteket vart høgtideleg opna 21. april 2007, nokså nær 150 år seinare. Sivlebiblioteket skal vera eit vindauge for nynorsk kultur og aktivitet. Det vil verta verdas første og førebels einaste nynorske bibliotek som er plassert på eit hotell og som er tilgjengeleg for tilreisande og allmennheita. Dette står å lesa i hotellet sin eigen omtale av biblioteket.

Read more
Read more

Stigen

29. okt 2004 by

Mange har nok sett opp på det kvite stovehuset som ligg høgt over Aurlandsfjorden. I dag er nedste Stigen busett somarstid.

Read more
Read more

Undredal

26. nov 2003 by

Undredal er ei lita bygd med omlag 100 innbyggjarar. Bygda er særprega med eit godt bevart strandsitjarmiljø. Kyrkja, ei lita stavkyrkje tidfest til 1147 og geitosten, gjer Undredal til ein turistmagnet.

Read more
Read more

Melhus

19. nov 2003 by

Melhus tyder «som ligg i mellom» i tydinga mellom Undredal og Langhuso.
Tradisjonelt var Melhus vår-og hauststøl for brukarane i Undredal. På vestsida av elva hadde Undredalsbrukarane stølar,medan stølen til Hjellum låg på vestsida av elva. (Hjødla-Melhus)

Read more
Read more

Li

1. okt 2003 by

Naturskildrande gardnamn er dei eldste namna i Noreg. Dette tyder på at garden Li er svært gamal.

Read more
Read more

Sigurd Nedberge skreiv dette minnet om korleis kvardagen var på Nedberge under krigen til bladet Underdølen. Sigurd hadde myje kunnskapar og mange minne omkorleis livet på høgdegarden Nedberge var i gamle dagar.

Read more
Read more

Frondalen

1. jan 2003 by

I Aurland har og dalar spelt ein viktig rolle. Dalføra i Aurland har til alle tider utgjort sentrale ferdselsleier både mellom aust/vest og nord/sør (Aall 1937).

Read more
Read more

Rallarvegen

1. jan 2003 by

Rallarvegen er en 80 km lang sykkelveg frå Haugastøl-Finse-Hallingskeid om Vatnahalsen til Flåm. I tillegg til kjem 43 km på vestsida av Gravhalstunnelen frå Upsete ned Raundalen til Voss.

Read more