Det var ein spent gjeng frå Tangen skule som tysdag 16.09 hadde teke turen opp på Sletterust i Årdalsfjella for å starte på lokalhistorieprosjektet vårt. Med oss i tilhengar hadde me syklar som skulle frakte oss dei 11kilometrane ut langs anleggsvegen frå 1920, ein veg som vart nytta i samband med tunellarbeida inne i fjellet.
Avdal gard – i dag turisthytte. Garden var i drift fram til oktober 1962. På grunn av ureining frå aluminiumsverket i Øvre Årdal blei vegitasjonen øydelagd. Dette gjorde at husdyra fekk fluorskadar. Med godt reinseutstyr ved aluminiumsverket er utsleppa i dag minimale, og ein har i dag igjen dyr på garden om sommaren.
Frå sommaren 1991 har det gått føre seg eit omfattande kultiveringsarbeid i heimre delen av Utladalen. Arbeidet omfattar gardane Skåri, Avdal med Hagaberg og Vetti.Samarbeidspartnerar har vore Årdal Turlag, Årdal kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Naturoppsynet for Jotunheimen Nasjonalpark.