



Noko av det verste mange vaksne kan tenkje seg, er å stå framfor eit publikum og skulle framføre noko, om det er ein tale eller det å halde eit føredrag. Men for dagens barn og unge bør det bli annleis, i og med at dei får øve seg på å halde presentasjonar like frå tredje klasse.




«Elevene er mer motiverte for skolearbeid når de kan bruke datamaskin», sier universitetslektor Cornelia Brodahl. «Å innføre datamaskiner på skolen har ødelagt skolehverdagen vår», sier vgs-elev Håkon i BTbatt. Begge deler kan umulig være riktig. Lærer elevene egentlig bedre med å bruke digitale medier?

Frå Hyllestad til månen, – og attende igjen
Visste du at vi jordbuarar berre ser den eine sida av månen? Eller at Jupiter er ein gigantisk planet som består av mykje giftig gass, og at du aldri vil finne ei flate å lande på? Dette, og mykje meir, veit i alle fall 2. klasse på Hyllestad Skule.

"Mitt Førde Framover" er eit glimt inn i eit prosjekt som handlar om å styrke og utvikle lokalsamfunn – i dette tilfellet Førde. Kortfilmen handlar om å finne skattar i eige lokalsamfunn og søke å styrke identitet og profil gjennom å engasjere innbyggarar frå ulike yrke og miljø.



Yes! kom det frå elevane då oppgåva vart gjeven. Kan vi skrive om kva vi vil? Denne gongen kan du det, svara læraren. Det vart heilt stille på datarommet, – lenge…. Heilt stille, om ein ser bort frå den ivrige tastelyden frå tastatura…
Elevane i 5.klasse har byrja på eit stort arbeidsområde i norskfaget, å skrive forteljing. Elevane har skrive mykje før. Dei kan skrive. Dei kan skrive forteljingar, eventyr, dikt, bokomtalar, fagtekstar, lister, plakatar, SMS, tankekart….. Dei lærte å skrive forteljing for lenge sidan. Men også på dette området treng dei å utvikle seg og kome vidare. Det er fantastisk med forteljingar skrivne av ein sjuåring, – slik ein sjuåring skriv. Skal det vere fantastisk når dei er ti-elleve år, må dei skrive på ein annan måte.








Tradisjonen med adventskalender oppstod tidlig på 1900-tallet som dekorerte papplater med nummererte luker med små bilete eller gåver bak. Seinare vart det luker med små plastfigurar eller små sjokolader. Det har vore ei utvikling av adventskalendaren dei siste åra der det er vorte større og større gåver i kalenderen til barna. I dagens samfunn får barn mykje, det skapar ei forventning om å få meir og meir, kjøpepresset vert større og større. Dette presset har auka også når det gjeld gåver i adventskalendaren.

Jula er ei kristen høgtid til minne om Jesu fødsel, men jula er prega av stress og kjøpepress. Jul var opprinnelig eit fellesnordisk namn på den norrøne midtvintersfesten, jólablot, som blei markert omkring vintersolverv. Med innføringa av kristendommen blei jul ei høgtid til minne om Jesu fødsel. I dagens samfunn ser vi at jula i stor grad blir prega av kjøpepress og stress. Julevarene vert sett fram i butikkane allereie i oktober, noko som påverkar at juleførebuinga begynne stadig tidlegare.

Hjetland barnehage i Høyanger deltok i haust på FORUT sin landsdekkande barneaksjon: "Omis får nye venner". I det daglege arbeidet med barna snakkar vi om å vere gode med kvarandre. I tillegg oppfordrar vi dei til å hjelpe kvarandre. Vi ønskjer å lære barna å bry seg om andre og vere med å hjelpe andre som har det vanskeleg. Omsorg og empati er viktige verdiar i eit samfunn. Høyanger er som mange andre tettstader blitt eit samfunn med eit stort kulturelt mangfald. Tidlegare har vi sett at folk i Høyanger kommune har lang gjevartradisjon i ulike innsamlingsaksjonar. Dette såg vi igjen i barnehagen når vi var med på Forut sin barneaksjon.

Kanona i Havreneset er eit synelg minne etter den andre verdenskrig. Det er berre ei kanon som står igjen på denne kanonhaugen. Dei to andre kanonpunkta står tomme. Flora krigshistorielag har teke på seg oppdraget å oppgradere dette området. Dei har reinska området ved kanona og sikra det med gjerde.Dei har og funne fram til den opprinnlege tunnelen som var mellom kanonpunkta slik at ein kan gå gjennom den. Dette er både spanande og skummelt.

Eventyr.
Norske folkeeventyr er forteljingar som vart formidla munnleg frå generasjon til generasjon. Eventyr er fri dikting som ikkje er sant.
I tråd med rammeplanen sitt fagområde Kommunikasjon, språk og tekst, har vi valt å arbeide med temaet eventyr i barnehagen. Vi valte å fordjupe oss i eventyret Askeladden som kappåt med trollet. Arbeidet med eventyret enda ut i ein tur til Trollskogen.


Lunden barnehage i Naustdal er ein fire avdelings barnehage i Naustdal kommune. Grunnlaget for arbeidet vårt er dei sju fagområda i rammeplanen. Vi vektlegg og har tyngdepunkt i kvart fagområde i 1-2 månader kvart år. I tillegg har Naustdal kommune bestemt at vi skal satse på språk og språkutvikling som eit gjennomgåande tema for dette barnehageåret.

Olderdalen barnehage i Høyanger har saman med dei andre barnehagane i kommunen hatt eit auka fokus på sunt kosthald dei siste åra. Dette er i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer for mat og måltider i barnehagen, som har vore ein god veiledar og eit viktig utgangspunkt. Vi har gjort enkle endringar i det kvardagslege kosthaldet, samtidig som vi ynskjer å presentere meir fisk på menyen.

Norske folkeeventyr var forteljingar som vart formidla munnleg frå generasjon til generasjon. Eventyr er fri dikting som ikkje er sant. Vi valte folkeeventyret, Askeladden som kappåt med trollet, som er ein del av kulturarven vår.




I høve Oddvar Torsheim sin 70-årsdag 2. november 2008, var det ei storstilt markering av den lokale kunstnaren i Naustdal "På sporet av Oddvar Torsheim". Mellom anna var det ei stor kunstutstilling i Naustdalshallen der alle barnehagane og skulane i bygda bidrog. I Lunden barnehage hadde vi ei målsetjing om at barna i samband med markeringa skulle bli betre kjent med kunstnaren, som delar av sin barndom budde i Naustdal. Alle dei aldersdelte gruppene løyste oppgåva ulikt, og eg vil i denne artikkelen fortelje kort om korleis 4-årsgruppa løyste oppgåva.







På avdeling Indigo i Solsida barnehage er eit av måla for det pedagogiske arbeidet at ungane skal verte trygge i vatn. Kvar veke reiser ei gruppe på 6-7 barn og 2 vaksne på bading i symjehallen på Førdehuset.

Målingar er eitt av hovudområda i matematikk og med eigne kompetansemål etter 2., 4., 7., og 10. årssteget. Her tek me opp bruk av GIS (geografisk informasjonssystem) som eit digitalt verktøy til måling av lengd og areal. Artikkelen viser samhandling mellom høgskule og grunnskule i eit lite utviklingsarbeid for ein vidareutdanningsstudent i matematikkdidaktikk ved HSF. Elevane er frå Kvam skule i Nord-Fron kommune.

Kvam skule er ein 1-7 skule i Nord-Fron kommune. Sissel Moen er lærar ved skulen og som student på vidareutdanninga Matematikkdidaktikk for mellomsteget (Høgskulen i Sogn og Fjordane), har ho levert ei oppgåve om matematikk og nærmiljøet. Artikkelen tek sikte på å inspirera lærarar til å «leita» etter matematikk i nærmiljøet.

Rivedal er området der Ingolf Arnarson og Leiv Rodmarson vaks opp. Dei er kjende personar frå vikingtida, og ein viktig del av kulturhistoria til «Holmedalsbygda«. Ingolf står staut og vakker på sokkel i Rivedal, og Leiv har sin bautastein i fjæra i Kleppeneset. Denne artikkelen skal gje deg historia frå både Ingolf og Leiv, samt ei skildring av eit skodespel 1000 år tilbake i tid. Det er berre å følgje med vidare.


