Sidemeny+
Read more

I sentrum av Nordfjordeid finn du den sjeldne og raudlista flikmelda. Miljøvernminister Erik Solheim sende for ei tid tilbake postkort til ordføraren i Eid kommune, og ba ho passe godt på denne sjeldne blomsten. Han veks i strandkanten i Nordøyrane. Merkeleg nok pågår det utfylling i dette området. Nok ein gong må våtmark på Eid vike plassen for steinmasser frå Lotetunellen.

Read more
Read more

Kvar vår like etter at snøen har smelta breier det seg eit kvitt teppe i skog og mark mange stader her på Indre Hafslo. Ja enkelte stader er det så kvitt at ein nesten skulle tru at snøen var komen tilbake, men dette er ikkje snøen, det er kvitveisen som minner oss om at våren no nærmar seg. Kvitveisen er ei fleirårig urt i soleiefamilien og ein av våre mest karakteristiske vårplanter. Kvitveisen er vanlegvis den andre blomen som dukkar opp om våren etter hestehoven

Read more
Read more

Dette er den mest vanlege edderkopparten vi har i Noreg.
Den finst neste over alt, ute og inne, i lavlandet og på fjellet, og som regel i stort antall. Den er å finne i det meste av Europa og i store deler av Nord-Amerika. Den er kjend for å ha noko som liknar på ein kross bak på ryggen. Fargen på edderkoppen kan variere frå lys gul til mørk grå. Ofte er den litt raudgulaktig.

Read more
Read more

Svartor er eit vanleg tre i Gloppen. Det er eit av to tre i oreslekta. Den andre er gråor. Blada på svartor er grøne og runde, med ei innbukting spissen. Gråorbladet endar i ein spiss. Elles kan du skilje blada frå kvarandre ved å telje nervane i bladet. Gråor har flest nervar (ca. 10) og svartor har ca. 6.

Read more
Read more

Ullurt

7. sep 2005 by

1-3 dm. Kvitfilta. Korgene er lodne og ca. 5 mm lange med bleikgule kruner. veks på turre bakkar frå Skotøy og Hvaler til Sjåk. Han veks og i indre Sogn og blomstrar i juli/august.

Read more
Read more

Kantarell er ein svært ettertrakta sopp for sopp – plukkarar. Med sin milde smak og fruktaktige lukt, og sin karakteristiske gulfarge, er den lett å kjenne igjen. Som mange andre soppar er kantarellen nyttig for mange ulike tre, fordi han dannar mykorrhiza (sopprot). Mykorrihiza hjelper trea med å ta opp næringsstoff og vatn, og soppen får ein del stoff frå treet og.

Read more