Sidemeny+
Read more

Heggetjørna set dei fleste først og fremst i samband med ungdomslagshytta Stølsheim.. Fleire stiar fører dit, og her vil vi orientere litt om vegvalet dersom du startar frå Lonebakkane om lag ein kilometer ovafor brua på Indre Løland ved riksvegen mot Lavik. Her finn du ein rest av gamlevegen som er fin å parkere på, og ei god bru i betong tek deg trygt over elva.

Read more
Read more

Breimsvatnet vart greve ut under siste istid. Terrenget vestover mot Sandane var kraftig nedtrykt av isen, slik at Gloppefjorden gjekk heilt inn fil Førs. Du kan sjå den marine grense rundt idrettsbana på Reed som det finaste amfi. Det er vel mindre kjent at det også var eit vatn etter istida som låg på flatene bak skulen på Reed.

Read more
Read more

Mellom trauste fjelltrimmarar i Hyllestad ragar ikkje Bøheia mellom dei ti gjevaste turmåla, men har du ein ledig time mellom sportssendingane på fjernsynet eller før sundagsmiddagen er ferdig, vil ein tur på Bøheia vere høveleg og sunt tidsfordriv. Store førebuingar trengst ikkje, men godt fottøy er ein fordel, for ein av stiane går over mange små myrar.

Read more
Read more

Laviksåta som ruvar 712 meter over havet, er ein av dei høgaste toppane i Hyllestad og eit vel omtykt turmål for fjelltrimmarar. Toppen ligg på kommunegrensa mellom Høyanger og Hyllestad, men høgste punktet med varden ligg på Hyllestadsida. Mange ruter fører mot toppen, og denne gongen er ?Trongane? utgangspunktet for turen vår.

Read more
Read more

Sandviksdalen

29. nov 2006 by

Sandviksdalen ligg i Selje kommune, eit stykke over ein plass som heiter Barmsund. Sandviksdalen har ein eldgammal skog der trea har heilt spesiell form og storleik.

Read more
Read more

Tarvaldseggja

22. nov 2006 by

Eggja er Seljes nest høgste fjelltopp. Turen opp er ein grei fjelltur for folk som berre vil ha seg ein mosjonstur, med bra utsikt over Selje og områda rundt.

Read more
Read more

KLIPET

15. nov 2006 by

Selje idrettssalg har lagt ut 16 fjellpostar og Klipet er den enklaste av dei å gå til.
Alle postane gjev ulike mengder poeng, og klipet har berre eitt, når du registrerar deg i boka som bevis på at du har vore der.

Read more
Read more

Kvernhusdalen.

8. nov 2006 by

Kvernhusdalen ligg i Selje kommune, i passeleg gangavstand, om lag ½ time frå selje sentrum.
Dalen er eit mykje brukt turområde, der det er både kulturminne og eit brukbart fiskevatn, med fritt fiske.

Read more
Read more

Dette er eit oversyn over ein del stadnamn på garden Eide på Åfjorddalen i Hyllestad kommune. Registrering av namn og bilete av nokre av plassane er gjort for å dokumentere og syne seinare generasjonar om dei ulike stadane.

Read more
Read more

Gloppen ungdomsskule hadde tradisjonen tru skidagen sin på Utvikfjellet i år og. Det var fine forhold både for dei som rende på brett eller alpinski i det nye skitrekket, dei som gjekk turen over fjellet til Kleivane skisenter i Fjellbygda og for dei som gjekk skitur til Fløtravarden. Nokre gav seg god tid og åt nista si på Fløtravarden. Den siste gruppa fekk også denne opplevinga. Godt skildra av ein 8. klassing.

Read more
Read more

Fjellvett

20. jan 2006 by

I Norge er vi kjend for våre bratte fjell og djupe dalar. Men å ferdast i fjellet er ikkje alltid ein spøk. No kjem snart påsketida og mange vil ut i skiløypa. Dersom ein skal vere trygg i fjellet er det viktig å ha respekt for naturen, og ikkje minst kunne dei ni fjellvettreglane.

Read more
Read more

Heilt vest i Hyllestad, der land møter hav, ligg Vardeheia. Etter at du har studert kartet over Hyllestad, er det nok ikkje den første fjelltoppen du kan tenkje deg å besøke, men ta turen opp likevel. Maken til utsikt finn du ikkje mange andre stader.

Read more
Read more

Styrtregn kvelden før og morgonskodde skremde dei fleste frå den annonserte turen på Strandaheia torsdag 28 juli. Og nokre lada vel opp til Eggenipa-løpet. Men vi få som satsa på at skodda letta fekk ein fin tur.

Read more
Read more

Når skyer og sol, hav og himmel spelar på lag, kan naturen lage eit fargespel du nesten trur ikkje er mogleg. Då er det berre å setje seg ned, la tankane få vandre og nyte stunda.

Read more
Read more

Bjørnemyra

31. mai 2005 by

Bjørnemyra ligg ca. 230 m.o.h. og der har ein god utsikt mot havet og Lifjorden.
Dette er ein fin tur for deg som er litt lat. Ein nydeleg tur som søndagstur.

Read more
Read more

Langesjøen ligg mest i Fjaler kommune, men litt ligg innafor Hyllestad sine grenser. For å kome seg inn til vatnet, kan du kjøre inn Drøsdalen, parkere der og følge traktorvegen vidare. På sørsida er det ei strand der du kan fiske, bade, grille, osv… Det er mykje historisk som som du kan lese om og studere rundt Langesjøen.

Read more
Read more

Prestefjæra eller Myklebustneset som mange kallar plassen, har fått namnet Prestefjæra fordi det er ein del av den gamle prestegarden.
Det vart fråskilt fleire tomtar frå bruket, mellom anna fekk lensmannen i 1938 frå delt seks mål jord til hus og eit lite småbruk. Det er også selt andre tomtar til bustader og til småbåthamn. Det som er igjen av prestegarden på Myklebust, er staten sin eigedom.

Read more
Read more

Lifjellet

31. mai 2005 by

Lifjellet er eit særmerkt fjell i Hyllestad kommune og vert ofte kalla Lihesten fordi det er forma som hovudet på ein hest. Fjellet består stort sett av konglomerat.

Read more
Read more

Trass i ein kald og våt novembermånad ville 4 elevar ved Hyllestad skule prøve korleis det romantiske gapahuklivet var. Vi fann fort ut at gapahuken skulle ligge ved eit vatn og valet fall difor lett på det idylliske Kleivevatnet like aust for Hyllstad sentrum.

Read more