Sidemeny+
Read more

Havørnbestanden i Gloppen har kanskje vore kunstig høg dei siste åra. Fleire par har hekka her og fora fram ein og ofte to ungar. I fjor oppdaga eg at eit par med to ungar i reiret, henta mykje av maten frå Ivahola, den kommunale bossplassen. Fleire Rema 1000 posar med kartongar fulle av matavfall tok dei i klørne og transporterte dei til reiret. I dag er avfallsplassen lagt ned, og havørnbestanden strevar med å finne nok mat.

Read more
Read more

Øyenstikkar har ufullstendig forvandling. Fyrste året lever han som eit rovdyr i vatnet. Ut på sommaren kryp han opp på eit siv, kjem seg ut av skalet sitt og pumpar blodvæske ut i dei lange fine vengene sine. Så legg han ut på dei akrobatiske flygeturane sine. Merk deg at namnet bør ikkje skremme nokon, for øyenstikkaren er heilt harmlaus for menneska, han er ikkje i stand til å stikke.

Read more
Read more

Oter

9. sep 2006 by

Oter høyrer til mårdyra og held seg som regel langs stranda og i sjøen. I dei seinare år har han hatt ein tendes til å jakte på og skremme fisk langt opp gjennom lakseelvane på Vestlandet. Han har til og med vore observert i hagane til folk, langt frå strandlinja.

Read more
Read more

Her på våre kantar har vi berre ei hegre…. Gråhegra. Reiser du sørover i Europa, vil du kunne sjå andre hegrer, mellom anna den kvite, fine silkehegra. Denne fuglen har og vore observert i Sogn og Fjordane, så her kan du lese litt om denne grasiøse fuglen.
 

Read more
Read more

Berghøne

28. jul 2006 by

Berghøne er vel ikkje registrert i Norge enno, men klimaendring kan gjere sitt til at ho ein vakker dag dukkar opp også her i landet. Fuglen er sky og vanskeleg å kome inn på. Desse bilda er tekne i Izmirområdet i 2006.

Read more
Read more

Sandlo er ein vadefugl om lag på storleik med ein stare. Han er tettbygd, med ein markert svart krage og kvit halsring, svart augestrek og svart tverrband på issen bak den kvite panna. Denne fuglen er ikkje vanleg i Gloppen, men vart observert i Selvågane no i haust på veg sørover.

Read more
Read more

Etter at Alfred Dale tipsa meg om ein spesiell fugl i fjøra på Gimmestad, tok eg sjølvsagt turen ut. Det slær aldri feil når denne ivrige fugletittaren har observert noko. Bildematerialet var også denne gongen godt nok til å artsbestemme fuglen. Det var ein underart av svarthalespove som blir kalla for islandica.

Read more
Read more

Eg har hatt nokre få turar i Selvågane denne våren/sommaren, og for meg har det dukka opp ukjende fuglar ved fleire høve. Den fargerike mandarinanda har vore der i fleire veker. I dag oppdaga eg eit skjeandpar. Gloppen ungdomsskule har planar om å få setje opp eit fugletårn i området. Vi har enno ikkje fått tomt til dette, men vi håpar det blir ei løysing. Ei systematisk registrering av fuglar, ville nok ende opp i ei lang artsliste for dette området.

Read more
Read more

Andefuglane er delt inn i dykkand, fiskeand og grasand. I Gloppen er siland vanlegast av fiskeendene, ærfugl er største representanten for dykkendene og stokkanda er det mest av når vi snakkar om grasendene. Brunnakken høyrer til den siste kategorien. Nokre par av desse fuglane vart observert i Selvågane/ Bukta i sommar.

Read more
Read more

Andefuglane er delt inn i dykkand, fiskeand og grasand. I Gloppen er siland vanlegast av fiskeendene, ærfugl er største representanten for dykkendene og stokkanda er det mest av når vi snakkar om grasendene. Brunnakken høyrer til den siste kategorien. Nokre par av desse fuglane vart observert i Selvågane/ Bukta i sommar.

Read more
Read more

Toppand

25. mai 2006 by

Toppand høyrer til dykkendene innanfor andefamilien. Anda dykker altså etter mat og liknande. Ho er mest vanleg i Nord-Noreg her til lands. I Gloppen er toppanda observert med ungar i ei lita tjørn i Nordstrand-fjella.

Read more
Read more

Makrellterna har minka i antal langs heile kysten. Dette fenomenet gjeld og i Sandaneområdet. På 1980-talet var det ganske mange makrellterne som hekka i koloni på eit av skjæra i Selvågane. Etter kvart kom hettemåka og overtok hekkeplassen til terna. I dag er det sikkert omlag like mange hettemåker i Selvågane som det før var makrellterner. Dette sjølv om det mange stader minkar dramatisk på hettemåka.

Read more
Read more

Sau

20. mar 2006 by

Eit viktig dyr
Sauen er ein del av livet vårt enten vi vil det eller ikkje. Vi et kjøttet, vi brukar ulla til klede og sauen er med på å prege naturlandskapet i Gloppen. Kor mange gonger har ikkje du sett sauer stå og beite om sommaren? Sauen er vel det første dyret barn lærer namnet på, og ikkje kom her å sei at du ikkje kan sangen bæ, bæ lille lam.

Read more
Read more

 

 No har berganendene i Gloppen fått selskap av ein heller sjeldan fugl. Laurdag 2. desember 2006 vart ei havelle observert ilag med tre bergender i bølgene på Gloppefjorden. Fleire år seinare … januar 2012 vart den fyrste hannfuglen observert på Hestenesøyra i Gloppen. Denne havella har halde seg på Hestenesøyra dei siste 3 vekene.   

Read more
Read more

Havsula er ein stor pelikanfugl som lever i områda rundt Nord-Atlanteren og Middelhavet.
Unge havsuler kan trekkje så langt sør som til Vest-Afrika, medan dei meir vaksne fuglane gjerne held seg i Nord-Europa, også utanfor hekkesesongen. Den lever det meste av livet sitt i lufta, og er oftast å finne ute på det opne havet.
Havsula er ein ganske ny art i Noreg. Den første kolonien vart etablert på Runde i 1946. No finn ein Havsule fleire stader langs kysten.

Read more
Read more

Ramnen er ein åtselfugl som ofte opptrer i flokk. Samlar seg gjerne på søppelfyllingar. Ofte hekkar fleire i same fjellveggen og. Stort sett vanskeleg å finne reira. Det har hendt at denne fuglen har teke ei mengd golfballar i den tru at han hadde fått tak i kvite fugleegg.

Read more
Read more

Åkerrikse er ganske sjelden i Sogn og Fjordane. Denne fuglen gjekk sterk tilbake når jordbruket fekk nye og moderne maskiner. Spesielt slåmaskinen øydela mange reir då ho vart teken i bruk. For berre nokre år sidan (2003) hadde ei åkerrikse reir ved Storebrua i Bukta. Denne gongen var det forhaustaren som øydela reiret.

Read more
Read more

Dalevatnet er omkransa av fleire hytter som ligg i eit idyllisk, artsrikt område. Det er den kalkrike berggrunnen som er årsak til dei sjeldne plantane som veks her. Det er og observert fuglar som ein finn få av i vårt fylke. Mellom anna myrrikse er sett i dette området.

Read more