


Sagaraosi var den største og lengste råsa, og var minst 1 km lang. Ho var også ei av dei eldste veitene i Fresvik. Råsi gjekk ut frå elva under skulen og nedover til Sagi (Hauglum) i nokså rett linje. Over Sagagranden vart ho kalla Læveiti. Det kom inn vatn i råsa frå ei oppkome, og dette vatnet fraus ikkje, difor vart ho kalla Læveiti.


Karl Myklebust vart født i 1905.
I 1931 vart Karl Myklebust eigar av bruk 3 : Garden, eit lite bruk under Myklebust eller Prestegarden som folk flest sa.
Kring 1980 gjennomførte elevar ved Hyllestad ungdomskule eit prosjekt som dei kalla «Korleis tek vi vare på jorda?» I den samanheng intervjua dei Karl Myklebust om liv og røre på garden då han voks opp.










Det har ikkje vore drift på Flugestøylen på Jølster sidan midten av 1950,-talet men støylen er ikkje gløymd av den grunn. Det er framleis aktivitet der, året rundt. Jølster Ungdomslag arrangerte to år på rad jonsokfeiring på Støylen, og det er naturleg nok ein svært populær stad for turgåarar og naturelskarar.


«Ruglesteinen» er eit kjent omgrep i Angedalen. Mange er dei som har vore oppå den og laga musikk for folket på gardane på andre sida av dalen. For dei som gjekk til støyls, var det vanleg å ta seg ein tur oppå steinen for å rugle. Steinen ligg om lag 100 m. frå den nye vegen til Ramstadstøylen og det tek om lag ein halv time å gå dei 2.1 kilometrane frå Rygjabrua ved fylkesvegen.


I dag er det liten aktivitet på Bolsetstølen, men tidligare var det ein vakker støl med mykje liv. Stølsdrifta vart halde i hevd heilt til 1948, og då hadde stølen lege på same plassen i fleire hundre år. På det meste var det fem bruk som nytta Bolsetstølen og så mykje som 25 kyr beita der.



Stølen ligg over dei første hamrane, ca 350 m.o.h. Det var oppsett streng på vegen opp til Øvste Snyttestølen, men strengen enda noko nedanfor selet. Dei brukte han til å senda ost og ymse anna nedatt til sjøen.. Dei flytte opp hit frå Nesta Snytta når geitene byrja å trekkja opp mot fjellet.

Snyttestølen vart også kalla Nesta Snytta. Snytta var rudningsbruk under Njøs i 1667. Siste brukaren på Snytta reiste til Amerika i 1867. I nyare tid vart Snytta brukt til vårstøl for geiter då det var tidleg bue der ute. Fleire gardsbruk i Fresvik var her ute med geiter. Her var berre eitt sel. Stølen høyrde til Norane og det var tre eigarar på Snytta i den tid fresvikjene stølte der.





Dette er ein støl oppe i lia ca 350 m.o.h. Den ligg litt til høgre for Straumsnes, like nedanfor straumlinja. Truleg slo dei her og så hadde dei beisti her til foret var oppbrukt, fram mot juletider. Så flytte dei ned til sjøen og var der resten av vinteren. På den måten sparde dei transport av avlinga ned dei bratte liene til garden nede ved sjøen.

Straumsnes ligg nede ved sjøen rett før tunellen til Feios. Straumsnes høyrde til Borlaug i Feios. Dette er eigentleg ein nedlagd gard som vart oppteken under Leikanger Prestegard og Halland i 1667. Namnet kjem av den sterke straumen i sjøen her. Siste eigaren utvandra til Amerika i 1861. Seinare har garden vorte brukt til støl.

Denne stølen høyrde til Grønli men vart nedlagd før 1850. Stølen har namnet etter Kryla, Ingeborg Olsdtr. Grønli (1802-1845) som drap far sin og vart avretta i Fresvik i 1845.
Stølen ligg eit par hundre meter til venstre for Fyssa. Ein tek av frå stien like etter ein har kryssa Fyssa ovanfor Oddmundhytta. På ein liten flat inne i skogen ser ein dei lyngvaksne restane etter huset. Dørstokken kan ein framleis sjå.

Truleg har dette vore fjellstøl for folk i Fresvik, men etter kvart flytte dei største gardbrukararene som hadde hest, til Jordalen. Tundalen vart difor fjellstølen til småbrukarane og husmennene. Stølen var nedlagd i 1925. Det skulle vera Gyrid Bjørnetun som var den siste som støla i Tundalen. Sela i Tundalen var mursel. Alle bruk som har stølsrett på Engi har også stølsrett i Tundalen.










Vigdalsstølen. Denne stølen blir også kalla Lundheim. Stølen blei brukt til både vårstøl og fjellstøl. Han ligg i lia over Vigdalen, til høgre for Galdagilet. Denne stølen vart bygd etter at dei to andre Vigdalsstølane vart tekne at skreder, og han blei brukt like til stølsdrifti vart nedlagd. I stølsregistreringa i 1935 er det notert at stølen er i bruk.



Me i 5-10 klasse ved Fresvik skule har i haust gått den gamle stølsvegen frå Jordalen til Fresvik. Turen går over ein arm av Fresvikbreen, Gryteskarvfonni. Der datt det ein gong ned ein hest i ei gryta. Det skjedde i 1936. På turen vår såg me beinrestane av hesten og fekk lyst til å vita meir om kva som hadde skjedd. Difor har me intervjua mange eldre folk i Fresvik, og har så skrive ned det me har fått greie på. Det er no mest 70 år sidan ulukka, så det har vore vanskeleg å få nøyaktige opplysningar og det kan difor sjølvsagt vera feil i det me har funne ut.
