Sidemeny+
Read more

Etter over 90 år med komfyrproduksjon i Ørsta, har kommersielle krefter sagt sitt. I juni rullar den siste Grepa komfyren ut frå samlebandet og eventyret i Ørsta tek slutt. Her vil eg sjå litt på historia til Grepa og korleis utviklinga har vore.

Read more
Read more

Kysteventyret

10. mai 2008 by

Øysamfunnet Batalden vest i Flora Kommune er ein utmerka representant for kystkulturen på vestlandet. Lengst vest i kommunen som strekk seg frå hav til bre finn ein samlinga av 70 øyar og holmer, kalla Batalden. Ei øygruppe som kan seiast å ha gjeve grunnlaget for kommunens eksistens. Vi skal her dele litt av det eventyret dette førte til, samt korleis utviklinga i kommunen har støtta seg på verdiane i havet heilt fram til den dag i dag.

 

Read more
Read more

Skulle det hende at du kjem køyrande mot Osmundsvågen i Vågsøy, så ta av deg hatten og hels når du passerer ei kvitmåla trebud som breier seg mot Ulvesundet. Det er nemleg ein storheit du har truffe på. Med eit løyndomsfullt smil i dei havsalta kledningane, kan han fortelje deg om fagarbeid og kvardag gjennom meir enn hundre år, dersom du tek deg bryet med å stige over dørstokken.

Read more
Read more

Høyanger har gjennom mange år vore ei solid industribygd. Bedriftene Hydro, Statkraft og Fundo godt etablerte og har hatt store påverknadar på bygda både økonomisk og sosialt. Høyanger er med åra blitt ein veletablert industribygd, som har med tida utvikla seg til å bli meir enn bare ei industribygd. Etableringane av dei større industribedriftene har vert til god hjelp for andre mindre bedrifter som for eksempel Per A. Øren, YIT, VIBE og liknande til å etablere sine bedrifter. Statkraft, som er ein av dei større bedriftene, har fått ei svært sentral rolle i denne bygda og forsyner dei store bedriftene som for eksempel Hydro med energi. Dette er ein svært viktig jobb, som sørgjer for at Hydro er oppe og går til ei kvar tid.

Read more
Read more

Tettstaden Høyanger har oppimot dei siste hundre åra vorten kjend som industristaden Høyanger. Midt på kaia blant den ville naturen i Ytre Sogn, etablerte det seg eit moderne metallverk som skulle sikre liv i den vetle bygda. Verket dreiv gjennom heile mellomkrigstida med sikte på kraftkrevjande industri og driv fortsatt i desse dagar som ei sterk bedrift og leverandør av aluminium. Vi har intervjua far og son som begge har arbeida heile karrieren si på metallverket. < ?xml:namespace prefix = o ns = "urn:schemas-microsoft-com:office:office" />

Korleis var/er ein vanleg arbeidsdag på metallverket i Høyanger?
Korleis har arbeidsplassen og arbeidsoppgåvene endra seg gjennom tid?
Dette vil vi prøve å gi deg eit innblikk i gjennom teksten
.

Read more
Read more

Det er over 200 år sidan den industrielle revolusjonen tok til i England. Den førte til omfattande endringar i jordbruk, samferdsle og industri. Det medførte eit arbeidsliv og samfunn i sterk endring. I Noreg har me særleg vore vitne til det dei siste hundre åra. Bli med og fortel om endringar i arbeidslivet i ditt nærmiljø.

Read more
Read more

Artikkelen som her følgjer,, fann vi i skuleavisa Gygrekjeften nr. 4 frå juni 1994.Her intervjuar Åge Avedal bestear sin, Johannes Bråstad.

Når ein sluttar i jobb, og vert pensjonist, er det ikkje alltid så mykje å finne på.
Om ein ikkje finn seg ein hobby då, slik som Johannes Bråstad har, han er ein av dei få garnfiskarane som er att av i kommunen. Kvar kveld og morgon reiser han ut med Etna, ein Viksund 770 båt. Sjølv om ikkje fiskelykka alltid er stor vil Johannes ikkje slutte med dette.
-Så lenge eg er frisk, har helse til det, og om ikkje været er alt for gale, er glad om eg får meg ein tur på sjøen, seier den 74 år gamle sjømannen.

Read more
Read more

Den 19.09.1979 var Austri på veg fra Trondheim via Svelgen til Polen med råjern. Båten gikk på land i 18 tiden på ettermiddagen. Av mannskapet på ni ble fire berget mens fem omkom. En av dem er fortsatt ikke funnet. Lokalbefolkningen på Byrknesøy hjalp til med varme tepper, husly, mat og kaffe til de som ble berget.

Read more
Read more

Dei siste tiåra har det vorte slik for kystbonden og andre som bur nær sjøen og kan nyttiggjere seg ressursane som der finst,at nesten same kva du gjer, så gjer du noko gale – bryt ei eller anna lov eller forskrift.
Har du merkt garna dine? Kor tungt søkkje og kor mange anglar har du på dorga? Veit du ikkje at området er freda? Du har ikkje registreringsnummer på båten din! Kva ligg redningsvestane?
Det er ikkje å undrast over at dei som er glade i kysten og heimstaden sin, vert noko fortvila når dei vert kalla miljøkriminelle for nesten uansett kva dei gjer.
Uroa og fortvilinga til folket på Vestlandskysten og i Fjordafylket fekk meg til å skrive ned følgjande strofer.

Read more
Read more

Sjøbua i Svanholmen , Byrknesøy, har i mange år gjort nytte i fiskeribransjen. Ho har i alle år vore ein del av inntektsgrunnlaget for folket i Svanholmen. No er sjøbua ombygd, og husar fiskeglade turistar frå inn- og utland, og er igjen blitt ein viktig del av inntektsgrunnlaget for folka i Svanholmen.

Read more
Read more

Det starta i Stongfjorden
Den 8. januar 1908 vart straumen kopla  til dei første elektrolysecellene i A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker i Stongfjorden. 16. januar vart det tappa  flytande aluminium. Den første aluminiumfabrikken i Skandinavia var i drift! Les meir på fylkesleksikon.

Read more
Read more

Salbutjørna

2. mar 2008 by

I gamle dagar var det mykje kaldare, og tjørna og vatna fraus fortare. Slik Salbutjørna låg,var ho ei svært populær tjørn. Vinteren gjennom var det alltid folk som stod på skeiser og konkurrerte i skeiseløp.Men det var ikkje berre skeiser tjørna vart kjend for. Folk pleidde å skjere ut isblokker for å halde fisken som skulle sendast til Bergen, kald og fersk.

Read more
Read more

Selje Sparebank

21. mar 2007 by

I eit møte 21. April 1892 sette Selje heradsstyre ned ei nemnd til å gjera framlegg til plan for ei sparebank i heradet. Den 23/9 s.å gjekk heradsstyre med på planen og løyvde kr. 2000 til grunnfon for banken. Med kgl.res 27/1 1883 vart banken godkjent.

Read more
Read more

Bestefar til Andreas og Eirik bur på Bråstad i Bøfjorden. Han likar å fiske, nett som Andreas og Eirik, og difor besøkjer dei han i helgene no og då. Då set Bestefar alltid ut garna på fredagskvelden, og laurdagsmorgonen er det tidleg frukost, og så er det ut og dra trollgarna. No har dei spennande timar framføre seg.

Read more
Read more

Det gjekk 60 år frå Colin Archer i 1894 berga 37 menneskeliv i orkan på Finmarkskysten til Redingsselskapet fekk ei lokalforening i Bøfjorden – dei kom seint, men dei kom godt ! Og som moderselskapet, vart også redningsforeninga her eit tiltak alle tykte om. Innsatsen kan ikkje verdsetjast nok, for sjølv om farkostane våre i dag er som skip som ikkje kan søkkje, redda Redningsselskapet i 2001 40 menneske frå å omkoma.

Read more
Read more

Torsdag 23. november var ein spennande og lærerik dag for 8. og 9. klasse, for då hadde opplæringsfartøyet til Måløy vidaregåande skule gjort strandhogg på Hyllestad. Ved den gamle dampskipskaia låg «Skulebas» opplyst og fin då vi kom med skulebussen om morgonen. Det skulle verte fint med litt jordnær undervisning midt opp i all teorien.

Read more
Read more

Anleggsåret er 1999; det skal no kome kraftstasjon til Horne. Vi måtte legge inntaket nesten øvst i elvegjelet, og der vart det bygd ei stor demme. Huset turbinane står i, vart og bygd i 1999.

Read more
Read more

Så lenge det har budd folk, har det vore sjøhus på Sognnes. Men opp gjennom åra har nausta vore gjennom både det eine og det andre. Allikevel vert dei bygde opp att, og gardsfolket har opp gjennom tidene hatt stor nytte av ressursane frå sjøen.

Read more
Read more

På strekninga Varden -Styvisdalsvatni og opp til vatnet som Øvste Breivåi kjem frå ligg det ikkje mindre enn 14 dyregraver. I luftlinje utgjer dette knapt 2 km. Eit par av desse dyregravene er blitt undersøkte av professor Edvard K. Barth og me har difor ein del interessante opplysningar om dei.

Read more
Read more

14 dyregraver på ein kort strekning. Ved utløpet av Styvisdalsvatni ligg det tre dyregraver på eit lite område. Dei har tydelege beiemurar og sperrar eit lite skar som dyra må gjennom enten dei no kjem frå Huldabotn eller ovanfrå fjellet der dei andre gravene ligg.

Read more
Read more

Vardane

31. mar 2006 by

Høgste punktet på den gamle stølsvegen mellom Breidalen og Bakka blir kalla Vardane. Ein må opp i ei høgd på ca 1350m, men vegen krokar seg fint opp den siste stigninga mot skaret. Det er tydeleg at han er lagd med omtanke for at bufarevegen skulle bli lettast mogeleg både for folk og beist.

Read more