Sidemeny+
Read more

Levande bygdetun

20. nov 2009 by

 På austsida av Aurlandsfjorden, midtvegs mellom Aurland og Flåm, ligg garden Otternes. Vel 100 meter over havet, med fritt utsyn til fjorden og fjella rundt, ligg husa frå 17 og 1800-talet som perler på ei snor. Til vanleg er det stilt og roleg i det gamle bygdetunet, men kvar vår yrer det av liv. Då er bygningane skulestove for 8.klasse på Aurland barne- og ungdomsskule i heile 3 veker til endes. Deretter tek turistane over, før tunet atter fell til ro og det vert haust og vinter.

Read more
Read more

Kystmuseet

14. mai 2009 by

Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg i Florø, og er eit museum for kyststroka i fylket. Museet ligg 2 km frå sentrum av byen. Museet ligg ved sjøkanten i eit idyllisk område. Inne i museet kan du vandre tilbake i historia til forfedrane dine, eller du kan sjå kva utstyr dei måtte klare seg med. Du kan også sjå kva dagens teknologi har å by på. Går du ute i det fine friluftsområdet rundt museet, vil du kunne stikke innom gamle buer og hus som er flytta frå ulike plassar ved kysten, og restaurert av dyktige handverkarar ved museet.

Read more
Read more

Karnilstunet ligg på Hauge i Gloppen kommune. Ei stor gran på denne eigedomen har i mange år vore brukt som ei godt synleg julegran som folk i store delar av Sandaneområdet ser. I denne artikkelen set vi fokus på gravhaugen og almen som vi og finn på Karnilsbruket.

Read more