Sidemeny+
Read more

Dersom du har anlegg for å få krampe nytta det ikkje å ta seg arbeid på stader der du kan falle ned. Har du anlegg for svimmelheit bør du ikkje ta arbeid som krev arbeid i stilas. Dette er ikkje tull! Det er viktig å ta eit godt gjennomtenkt yrkesval og komma seg på rett hylle her i livet.

Read more
Read more

I høve Oddvar Torsheim sin 70-årsdag 2. november 2008, var det ei storstilt markering av den lokale kunstnaren i Naustdal "På sporet av Oddvar Torsheim". Mellom anna var det ei stor kunstutstilling i Naustdalshallen der alle barnehagane og skulane i bygda bidrog. I Lunden barnehage hadde vi ei målsetjing om at barna i samband med markeringa skulle bli betre kjent med kunstnaren, som delar av sin barndom budde i Naustdal. Alle dei aldersdelte gruppene løyste oppgåva ulikt, og eg vil i denne artikkelen fortelje kort om korleis 4-årsgruppa løyste oppgåva. 

Read more
Read more

Nikolai Astrup Frå Mo og Jølster vidaregåande skule er det ikkje langt til Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet. Ein gong eit brattlendt småbruk men i dag tatt i bruk som museum, kalla etter Nikolai Astrup (1880-1928), ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tallet. Han kjøpte småbruket på Sandalstrand i 1912 for å busette seg der med sin familie. Det var der han også hadde atelieret sitt. Han skildra som oftast naturen med hovudvekt på sitt nærområde. I heimbygdene (mellom anna Sunde og Ålhus) fann Astrup motiv og inspirasjon til sine naivistiske og sterk ekspressive bilete.

Read more
Read more

Denne artikkelen om bunader/folkedrakter i Ytre Sogn har eg skrive på grunnlag av informasjon eg har funne i boka NORSKE BYGDER – SOGN, utgjeven av John Griegs Forlag i 1937. I kapittelet Bunaden av Anna Knutsen er mykje interessant stoff om bunader og folkedrakter.

Read more
Read more

Biletet viser vasshjulet slik det vart funne i nærområdet til Leikanger barneskule. Vasshjulet dreiv slipesteinen som bøndene brukte til å slipa bruksutstyr som ljå og øks. Vatnet vart teke frå Henjaelvi og leia inn i ei grov som dreiv vasshjulet og slipesteinen. Området ved Henjaelvi vart i daglegtale omtala som Slipesteinane.

Read more
Read more

Som mange bygder i Hyllestad, har også Lifjorden fått sin song, skriven av Sjur Risnes.
Sjur var fødd på Risnes i 1877. Han var lærar, og mellom dei første som tok opp tanken om ei bygdebok for Hyllestad. Risnes skreiv ned mykje om tradisjonar om gamal sed og skikk i Hyllestad.
Sjur døydde i 1950. Han var gift med Gjertrud Bjørnestad. Det kan og nemnast at sonen deira var Harald Risnes, sjef for Bjørn West under krigen.

Read more
Read more

Alle er vel kjende med at Olav Bruknapp skreiv ein Hyllestad-song. Mindre kjent er det nok av Sigvald B. Systad også laga ein song om heimkommunen sin. Systad voks opp på bruk 4 på garden Systad, på Åfjorddalen, men flytte til Bergen, og døydde der kring 1980.

Read more