Sidemeny+
Read more

STORT FUNN

24. nov 2009 by

Arkeologar avdekka gamal handelsplass på Nordre Bjørkum i Lærdal
"Me er sikre på at det har foregått omfattende produksjon av gjenstander her". Seier prosjektleiar Morten Ramstad. 

Read more
Read more

For 50 år sidan planta Evald Knutsen grantre Trea har han no lafta til kvernhus

I Einungrane har ein tradisjon med å dra nytte av vasskrafta. Då Evald og Kjellaug flytte til Einungrane i 1972 var det berre spor att av dette. Noko er vorte gjort og meir skal gjerast.

Read more
Read more

Våren 1865 vart det funne over 90 utanlandske myntar i Hyllestad, storparten på garden Gjerde. Det var ikkje uvanleg med bytehandel i vikingtida, men truleg vart også reie pengar og edelt metall nytta. Myntfunnet på garden Gjerde kan vere døme på det, og er knytt opp mot kvernsteinhandelen. Det skal vere det største myntfunnet frå vikingtida mellom Rogaland og Møre.

Read more
Read more

Kom dei første menneska til Noreg i ein båt laga av skinn og stokkar? I fylgje historeforskinga gjorde dei nett det. I denne artikkelen kan du lesa om korleis dei første menneska tilpassa seg dei enorme klimaendringa i Skandinavia etter den siste istida. Du vil også finna lenkjer til nettstader med gode animasjonar om livet i steinalderen.

Read more
Read more

Kan hende var det slik det gjekk føre seg for fleire tusen år sida i Vingen? Feltet er eit av dei største med veidekunst i Skandinavia med over 2000 figurar. Vi veit ikkje kven som rissa inn i berg og steinar, om det var vaksne eller born, men det dei gjorde den gongen, kan vi ennå sjå den dag i dag.  Treng du undervisningstips om helleristingar eller steinalderen, kan du finne mykje interessant i denne artikkelen.

Read more
Read more

Du treng ikkje fare langt avgarde, dersom du ynskjer vitje kulturhistoriske stadar med spor frå vikingtida om du bur i Sunnfjord. Ved kyrkjegarden på øya Svanøy står det nemleg ein diger steinkross, som stammar ifrå brytningstida mellom den norønne og kristne tid.  

Read more
Read more

Dette er eit undervisningsopplegg som så vidt er kome i gong våren 2007. Opplegget har laksefiske, historie/kultur og Folkesti. FabelAktiv er støttespelarane som underviser elevane i laksefiske og kasting med flugestang. Unn Karin Kleppe og Olav Johan Mo tek seg av den historiske/kultur delen.

Read more
Read more

Dei fleste historikarar reknar med at der var ei stormannsætt som rådde på Naustdal i Eid – og ikkje i Naustdal i Sunnfjord. Dette var på Harald Hårfagre si tid. Vemund frå denne ætta var konge over Firdafylket i 870.

Read more
Read more

Gravhaugane på Nordfjordeid har gjeve oss mange svar og opplysningar om korleis ein levde her i vikingtida. Like ved Eidsgata ligg det ein godt synleg gravhaug som vert kalla Rundehågen. I denne gravhaugen vart det i 1874 funne restar etter eit vikingskip og eit menneske. Både skipet og mennesket var brent. Lokalt vert gravhaugen kalla «Rundehogjen».

Read more
Read more

På Stakaldeneset ligg et steinbrot frå steinalderen. Det vart brukt til å ta ut diabasstein til å lage økser og anna reiskap av. Stein frå denne plassen er funnet frå Nordland til Jæren. Når du skal undervise om steinalderen kan det være kjekt og nyttig å vise kor dei som levde på den tida fekk tak i det dei laga reiskap av. Det er ikkje utenkeleg at stein frå Stakaldeneset er brukt når dei jakta blant anna i Ausevika og laga helleristingane som vi finn der.

Read more
Read more

Selje Kyrkje

29. nov 2006 by

I 1654 vart kyrkja flytta frå Selja inn til fastlandet. Det var på grunn av at ein båt med kyrkjefolk forliste og alle drukna. Det var også vanskeleg å legge til med båt på Bø, den staden kyrkja låg ute på Selja.Selja fekk ei av dei første kyrkjene i heile Noreg etter at Kong Olav Tryggvason i år 996 gjorde Selja til helgenstad. Kyrkja han let byggje under hellaren på Selja var også den første sognekyrkja. Seinere stod soknekyrkja på Bø, på innsida av øya, før ho vart flytta til fastlandet.

Read more
Read more

Vereide kyrkje er hovudkyrkje i Gloppen prestegjeld. Ho er einaste steinkyrkja i Nordfjord, og vert ofte omtala som Nordfjorddomen. På det geografisk avgrensa området rundt Gloppefjorden låg i mellomalderen heile fem kyrkjer og to kapell.
Vereide kyrkje.

Read more
Read more

Det fyrste heksemonumentet i Norge vart 9. juni 2002 avduka ved ferjekaien på Anda. «Heksa» er hoggen i granitt og larvkitt av Stig Eikaas. Den gamle rettarstaden ligg like ved. Ein stein med 900 år gammal runeinnskrift finn vi også i nærleiken.

Read more