Sidemeny+
Read more

Namn på nokre bratte svaberg som der Fjærestadgrova byrjar, like nedanfor Kambaholene. Her hende det ofte ulukker med dyra den tida det var mykje beitedyr i området.

Read more
Read more

Fonn som ligg i eit skard opp mellom Raunekletten og Nonskardholten. Det vert sagt at snøen smelta under fonni på forsommaren og dette var ein fåre for beisti som gjekk bort på fonni.

Read more
Read more

Når ein går fra Raudmelen mot Nonsskard går stien eit langt stykke gjennom eit område med mykje grov stein. Heile dette partiet heiter Nonskardurdane. Her kunne dei og mellomlagra avdrott frå Langedalen på siste huren heim den sommaren.

Read more
Read more

Til vanleg berre kalla Klukkshaug. Her det bok som turgåarar kan skriva seg inn i. Dronning Wilhelmine av Nederland var mykje i Balestrand før første verdskrigen. Ho likte godt å gå tur til Klukkshaug. Flaten på Klukkshaug vart av bygdefolk kalla dronning Wilhelmina sin leikeplass.

Read more
Read more

Området frå Raudmelen og fram til Kaldekleivane – der ein går ned i Kallbakksdalen og vidare Nonsskardurdane mot Nonskard – heiter Raudmelsbakkane. Lendet her er litt kupert og stien går på kanten av eggi med luftig utsyn ned i Esedalen.

Read more
Read more

Stor stein som ligg mellom Fagravatnet og Igdedalseggi. Svært godt synleg i landskapet, og er truleg vorte liggjande att då sien trekte seg attende. Ikkje andre store steinar i området.

Read more
Read more

Holten over garden Sande opp mot fjellet Raudmelen. Dette er ryggen på sørsida av Blåhellegjelet. Den delen av same fjellryggen som vender mot garden Skåsheim vert kalla Skåsheimholten.

Read more
Read more

Keipen

19. aug 2002 by

Fjelltopp på 1426 meter. Bakom Keipen, inn mot Bjørnabreen er det 1464 m.o.h. Frå Balestrand ser fjellet ut som ein båtkeip, og det er grunnen til namnet. Keipen er høgste fjellet kring Balestrand og Esefjorden, og har vore eit turmål for folk i bygda.

Read more
Read more

Nær toppen av Raudmelen, mellom eggi mot Ese og øvst i Blåhellegjelet er det eit søkk i lendet eller ein liten dal. Dette vert kalla Kambaholene. I eldre tid hadde dei det merke at når siste snøfonna her var på storleik med ei ku, då tok det til å verta beite (verta bue) i Langedalen, og dei kunne ta til å tenkja på å buføra dit.

Read more